Språkrådet meiner:
Opplæringa i skriftleg sidemål må styrkjast
Språkrådet er ueinig i Utdanningsdirektoratets framlegg om å nedprioritere delar av skriveopplæringa i norskfaget, nærare bestemt skriving på sidemål.
Lenkjer til gjeldande styringsdokument:
I brev til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i august 2003 skreiv Norsk språkråd mellom anna:
«Norsk språkråd meiner det vil vera eit brot med norsk språkpolitikk å gjera den skriftlege sidemålsopplæringa valfri, og Språkrådet rår sterkt ifrå å gå inn på dette framlegget. Forsøk med fritak kan på sikt få svært alvorlege følgjer for jamstillinga mellom dei to norske målformene. [...] Norsk språkråd rår til å styrkja opplæringa i denne delen av norskfaget. Etter vårt syn har ikkje utdanningssystemet teke alvorleg den mangelfulle skrivedugleiken som blir oppnådd i sidemålet, heller ikkje at norske elevar har utvikla svært negative haldningar mot ordninga. I ei undersøking som vart gjennomført i samband med prosjektet om fellesspråklege lærebøker i samfunnslære (Senter for etterutdanning, Allforsk 1998) kom det fram at 71 % av bokmåls- og nynorskelevane er mot skriftleg opplæring i sidemål. Ein såkalla 'språkhaldningsindeks' viste at 82 % av bokmålselevane er negative til nynorsk i det heile. [...] Dersom undervisninga korkje fører til brukande språkdugleik hjå barn og unge og heller ikkje til særleg skriftspråkleg toleranse, bør noko gjerast. Eit viktig mål for forsøk i sidemålsopplæringa blir dermed å få snudd negative haldningar – også hjå lærarane.»
Språkrådet sende brevet i samband med at tre representantar frå Framstegspartiet fremja forslag i Stortinget om å innføre valfri sidemålsopplæring i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Da forslaget vart debattert i Stortinget 21. oktober, møtte det motstand frå alle parti unnateke FrP.
Alternativ skriftleg opplæring
Norsk språkråd har tidlegare overfor Læringssenteret og Utdannings- og forskingsdepartementet gått inn for forsøk med alternative opplegg i skriftleg nynorsk sidemål. I brev til Læringssenteret 20. juni 2002 skreiv Språkrådet:
«Jamstillinga mellom bokmål og nynorsk er ein grunnleggjande premiss i norsk språkpolitikk, og St.meld. nr. 9 (2001–2002) følgjer opp dette ved å sitera Sem-erklæringa: 'Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt.' Hittil har det då òg vore eit vilkår for generell studiekompetanse at studentane har fått skriftleg opplæring i begge målformer. I ei rad stillingar i skuleverket, i statsadministrasjonen og i ein del andre administrative stillingar er yrkesutøvarar pålagde å meistra begge målformer skriftleg. Norsk språkråd har i årevis registrert mangelfull nynorskkompetanse i samfunnet. Statsinstitusjonane har vanskeleg for å etterleva mållova, og mange av dei grunngjev dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg. Oslo er i ei spesiell stode i så måte, sidan hovudstaden har så stor del av dei statlege stillingane. Det er difor all grunn til og på høg tid å syta for ei betre sidemålsopplæring, især i nynorsk sidemål.»
Forsøk – betre dugleik, betre haldningar
Språkrådet skreiv vidare:
«Etter Norsk språkråds syn bør sidemålsopplæringa leggja til rette for at desse måla blir nådde: (a) Elevane skal oppnå eit rimeleg ferdigheitsnivå i skriftleg sidemål, (b) dei skal ha god kunnskap om den norske språksituasjonen, (c) dei skal utvikla forståing for dei sosiale og historiske føresetnadene for den norske språksituasjonen, (d) negative haldningar til sidemålet skal minskast. Vi gjer difor framlegg om at forsøk med sidemålsopplæringa bør gå inn på desse momenta:
1 Kartleggja kva stilling sidemålsundervisninga har når det gjeld ulike rammefaktorar, pedagogiske opplegg/undervisningsformer, faglege resultat og haldningar til faget. Det bør kartleggjast i kva mon lærarane treng etterutdanning i emnet.
2 Prøva ut alternative pedagogiske opplegg/undervisningsformer der ein på ein systematisk måte granskar kva læringsresultat som kan oppnåast i forsøksperioden når det gjeld skriveferdigheit i sidemålet og kunnskap om og haldningar til sidemål.
3 Samanlikna systematisk dei alternative pedagogiske opplegga/undervisningsformene med tradisjonelle undervisningsformer.»
Språkrådet fremja eit liknande forslag til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i september 2000.
Vurderingsformer og tiltak – merknader til NOU 2003:16
I ei fråsegn til NOU 2003:16 I første rekke. Forsterket kvalitet i en grunnopplæring for alle i oktober 2003 uttalte Norsk språkråd mellom anna:
«Språkrådet stiller seg avventande til at det blir vurdert å ta bort avgangsprøva i grunnskulen. Dei nasjonale prøvene som Stortinget har vedteke å innføra frå skuleåret 2003/2004, bør ikkje erstatta avgangsprøva før ein har røynsler med dei. I alle fall må det greiast ut kva det vil få å seia for norskfaget generelt og for nynorsk som sidemål om avgangsprøva blir avskaffa (jf. pkt. 18.8 i innstillinga.).
Framlegget om at elevane i det studiespesialiserande utdanningsprogrammet skal ha éin sentralt gjeven eksamen (pkt. 18.1), og at elevane blir trekte ut til anten hovud- eller sidemål, er lite tilfredsstillande. Ordninga i den vidaregåande skulen med to dagar norskeksamen og trekking av målform har vore godt motteken. Her får ein brukt både norskkunnskapar og evne til kreativ skriving. Denne ordninga tener prinsippet om måljamstilling, og me ber departementet halda oppe ei eksamensform av denne typen.»
Norsk språkråd skreiv vidare om sidemålsopplæringa spesielt:
«Utvalet har ikkje i det heile drøfta forholdet mellom dei to norske målformene og korleis eit emne som sidemålet skal formidlast gjennom grunnopplæringa. Dette tykkjer Språkrådet er påfallande. Norsk språkpolitikk har sidan 1885 hevda jamstilling mellom bokmål og nynorsk. Den verdien dette har for det norske språksamfunnet, gav også regjeringa uttrykk for i Sem-erklæringa: "Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt." – Me veit at opplæring i sidemål i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen er lite populært, særleg i nynorsk sidemål. Mange røyster talar for å fjerna denne opplæringa frå norsk skule, andre meiner ei kritisk vurdering av og forsøk med sidemålsundervisninga kan gje grunnlag for å utvikla betre metodar. I alle fall er dette ei så vesentleg sak at ei innstilling om grunnopplæringa ikkje kan vedkjenna seg å ikkje drøfta ho og visa til løysingsmodellar.
Me ber om at utvalet i arbeidet vidare tek opp og går inn på den norske språksituasjonen, presiserer kva for verdi og utfordring som ligg i å ha to målformer, og kvifor det er viktig å halda oppe jamstillinga mellom dei. Aktuelle tiltak er:
- Få betre utdanning, særleg når det gjeld fagdidaktikk knytt til sidemål, i lærarutdanninga
- Opna for kartlegging av kva stilling sidemålsundervisninga har når det gjeld ulike rammefaktorar, pedagogiske opplegg / pedagogiske undervisningsformer, faglege resultat og haldningar til faget.
- Få i gang reelle forsøk med systematisk motivasjonsarbeid og alternative undervisningsformer knytt til det skriftlege sidemålet i skulen.
- Sikra reell måljamstilling for alle former for dataprogram som blir brukte i skulen. Dette må òg gjelda administrativ programvare og større elektroniske kunnskapsbasar på norsk.
- Sikra at materiell som blir delt ut i skulen, er tilgjengeleg i begge målformer, også når det er produsert av frivillige organisasjonar, næringsliv og andre.
Slike tiltak er nødvendige for å få ei grunnleggjande positiv haldning knytt til nynorsk sidemål inn i samfunnet. Ei slik haldning er avgjerande for det ferdigheitsnivået me ynskjer elevane skal oppnå i skriftleg sidemål. Det er også tvingande nødvendig for at elevar med nynorsk hovudmål skal kunna kjenna seg trygge på at målforma deira er verdsett og kan brukast i alle skriftlege samanhengar.»
Sist oppdatert 13. mars 2012