Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Ordtilfang

SongsvanerDet er vanskeleg å dra klare grenser mellom ordtilfanget i nynorsk og bokmål. Sjølv om det meste er felles, er det også visse skilnader. Eit enkelt pedagogisk hjelpemiddel har vore å åtvare mot ord med ledda an-, be-, -else og -het.

 

be-
Svært mange av orda på be- kan ein skrive i dag, t.d. behandle, beskjed og beskrive, men dei tradisjonelle orda handsame, melding og skildre lever godt ved sida.

-else
Mindre vanlege i nynorsk er ord med leddet -else. Bokmål begravelse, værelse og tykkelse heiter gravferd, rom og tjukkleik på nynorsk. I mange tilfelle kan leddet -else erstattast av
-ing: Bokmål utvidelse og utsettelse heiter utviding og utsetjing på nynorsk.

-het
Ofte har bokmålsorda på -het etterstavingane -dom, -leik og -skap på nynorsk. Det heiter ærlegdom, kjærleik og veikskap for bokmålsorda ærlighet, kjærlighet og svakhet. Dei siste åra har ein opna for fleire ord på -heit i nynorsk: travelheit, ferdigheit, nyheit. Dei tradisjonelle orda er annsemd, tame og nyhende.

Stil og språkkjensle vil vere avgjerande for valet mellom ein tradisjonell uttrykksmåte med ord som avgjere, tinge og handsame; eller ein nyare med ord som bestemme, bestille og behandle.

Språkrådet har vedteke reglar for opptak av nye ord på nynorsk. Her finn du ei liste over ord som er tekne inn i dei siste ordlistene:

Nokre av dei vanlegaste feila i ordtilfanget kan du unngå ved å studere lista nedanfor.

 

Liste over bokmålsord og tilsvarande nynorskord 

 

advarsel åtvaring
allerede allereie, alt
anledning høve
antall talet på
avgjørelse avgjerd
bebyggelse busetnad
begrep omgrep
begynnelse byrjing, begynning
beskrivelse skildring, beskriving
beskylde skulde for
betydning a. vere viktig, ha mykje å seie
b. tyding (av eit ord)
betydningsfull viktig
bevegelse rørsle
bolig bustad
budskap bodskap
disse desse
ellers elles
foran framfor, føre
forbindelse samband
fornøyd nøgd, fornøgd
fortsatt framleis, enno
forutsetning føresetnad
frihet fridom
følelse kjensle
gjentakelse gjentaking, oppattaking
hendelse hending
hensikt føremål, formål
hvis dersom, viss
hvordan korleis
hvorfor kvifor, korfor
i hvert fall i alle fall
i virkeligheten i røynda
ild eld
innflytelse innverknad, makt
klær klede
kun berre/bare
lav låg
leder leiar
leilighet husvere, leilegheit
likhet likskap
man ein
meget mykj, svært
nærhet nærleik
nødt til nøydd til
oppdragelse oppseding
opplevelse oppleving
ovenfor ovanfor
personlighet personlegdom
rettferdighet rettferd
samt og
sagn segn
selvfølgelig sjølvsagt
selvfølgelighet sjølvfølgje, ein sjølvsagd ting
skjebne lagnad, skjebne
skjære skjere
sted stad
stillhet stille, stillheit
tall tal
unnskyldning orsaking
utseende utsjånad
uttalelse a. fråsegn
b. utsegn
valg val
vanskelighet vanske
verden verd
virkelighet røyndom, røynd
øke auke
økning auke

 

Du finn lenkjer til øvingar øvst i høgrespalta.

 

Foto © Kjell-Erik Moseid / NN / Samfoto

Utviklet av Gazette