Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nynorsk programvare – nokre milesteinar

Av Jon Grepstad

Arbeidet for nynorsk programvare femner om tre hovudfelt: vanlege brukarprogram, pedagogiske program, språkteknologi. Denne historikken gjeld først og fremst vanlege brukarprogram.

  • Stavekontroll for WordPerfect, 1987: Dag og Tid lanserer eit ordrettingsprogram for WordPerfect. Den elektroniske ordlista blir brukt i redaksjonen alt i 1986.
  • Omsetjingsprogrammet Nyno, 1991: Nynodata legg fram første versjonen av dataprogrammet Nyno for maskinomsetjing frå bokmål til nynorsk.
  • Innst. S. nr. 17 (1992-93): I samband med mållovsmeldinga frå 1992 uttalar fleirtalet i komiteen (AP, SV, KrF og SP) i Innst. S. nr. 17 (1992-93):
    "Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon."
  • Notat frå Noregs Mållag til KD, juli 1994: Innst. S. nr. 17 (1992-93) blir følgd opp i eit notat frå Noregs Mållag til KD i 1994. Notatet gjev eit oversyn over situasjonen for dataprogram og skisserer moglege verkemiddel. I notatet blir det sagt at "edb-program truleg er eit av dei områda ein kan komma lengst i måljamstelling med ganske liten innsats".
  • KDs budsjettproposisjon 1994-95: KD varslar i budsjettproposisjonen for 1994-95 at departementet vil kartleggje situasjonen, men av kapasitetsgrunnar kjem ikkje arbeidet skikkeleg i gang.
  • Norsk språkråd krev jamstilling i pedagogiske dataprogram, september 1994: I brev til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 09.09.1994 krev Norsk språkråd språkleg jamstilling i dataprogram som går inn i undervisninga som faste innslag i faga. [Meir]
  • Nynorskversjon av Opera, 1996: Nettlesaren Opera kjem i både bokmålsversjon og nynorskversjon.
  • Nynorskversjon av Tansa, 1997: Korrekturprogrammet Tansa kjem i nynorskversjon.
  • Landstinget i LNK, mai 1997: Landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar vedtek i mai 1997 ei fråsegn til det daverande Planleggings- og samordningsdepartementet om "nynorsk i edb-verda".
  • Brev frå Kulturdepartementet til Planleggings- og samordningsdepartementet, oktober 1997: PSD sender saka frå LNK over til KD, som i brev 15.10.1997 ber PSD utgreie ein del spørsmål om IT og nynorsk, men PSD svarar at dei ikkje da kan prioritere arbeidet. Brevet frå KD og problemstillingane der er eit viktig dokument på denne tida. [Meir]
  • St.meld. nr. 13 (1997-98): St.meld. nr. 13 (1997-98) Målbruk i offentleg teneste tek i kap. 4 opp "informasjonsteknologiens verknader for norsk språk og for måljamstellinga". Meldinga er eit grunnleggjande dokument frå styresmaktene når det gjeld spørsmål som gjeld norsk språk og IT. Meldinga formulerer denne målsetjinga, som får støtte i komitebehandlinga:
    "Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar for støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o a på begge målformer."
  • Konferansen "Kven styrer språket?", januar 1999: Kravet om nynorsk programvare får ny driv ved konferansen "Kven styrer språket?", som blir skipa til av Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Det Norske Samlaget i Bergen i januar 1999.
  • Initiativ frå nynorskorganisasjonar og nynorskbrukarar: Deretter kjem det ei lang rad initiativ frå nynorskorganisasjonar og nynorskbrukarar, dels mobilisering for kravet, dels kontakt og møte med departement og andre instansar. I tida frametter blir det også lagt ned mykje gratisarbeid i omsetjing av programvare til nynorsk.
  • Avtale mellom Microsoft og Island, 20. januar 1999: Microsoft og den islandske regjeringa kunngjer at det skal kome ein islandsk versjon av Windows 98. Kunngjeringa viser at det er mogleg å få versjonar av kommersielle program for språksamfunn mindre enn det nynorske og blir brukt i argumentasjonen for nynorsk programvare. [Meir]
  • Norsk språkråds utgreiingsinitiativ, februar 1999: Norsk språkråd gjer på styremøte i februar 1999 vedtak om å setje i gang ei utgreiing om nynorsk programvare. Arbeidet resulterer mellom anna i utgreiinga "Software Localization into Nynorsk Norwegian" (juni 2000). [pdf-versjon].
  • KUF-rundskriv om opplæringslova, juni 1999: KUF skriv i rundskriv om opplæringslova 28. juni 1999:
    "31. Administrativ programvare er i forskrifta § 17-3 unnateken frå kravet om språkleg parallellutgåve. Departementet arbeider med sikte på å endre forskrifta slik at elektroniske læremiddel skal omfattast av kravet om språkleg parallellutgåve. Dette skal mellom anna vurderast på grunnlag av rapporten frå ei arbeidsgruppe som vurderer forholdet mellom bruk av elektronisk programvare og nynorsk."
    "Administrativ programvare" tyder her kontorstøtteprogram: tekstbehandling, rekneark, databaseprogram og presentasjonsprogram. 
  • Innst. O. nr. 89 (1999-2000): Fleirtalet stortingskomiteen ber Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet leggje fram ein tidsplan for oppheving av unntaket frå parallellutgåvekravet når det gjeld "administrativ programvare":
    "Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, mener at spørsmålet om nynorskversjoner av administrativ programvare er en avgjørende faktor i arbeidet for likestilling mellom nynorsk og bokmål, og en forutsetning for at nynorsk- og bokmålselever skal ha samme vilkår i skolen. Flertallet ber derfor departementet legge fram en tidsplan for arbeidet med å oppheve det foreløpige unntaket fra parallellutgaveregelen."
  • AbiWord på nynorsk, september 2000: Tekstbehandlingsprogrammet AbiWord kjem i nynorskversjon. Omsetjinga er gjord av Karl Ove Hufthammer.
  • KDE 2 på nynorsk, oktober 2000: KDE 2 (brukarmiljø for Linux) kjem på nynorsk, omsett av Gaute Hvoslef Kvalnes. Førehandsversjonar på nynorsk fanst frå april same året.
  • Nynorsk data 2000: Nynorsk forum, eit samarbeidsorgan for nynorskorganisasjonar og nynorske føretak, Landssamanslutninga for nynorskkommunar og Noregs Mållag arbeider aktivt og systematisk for kravet om nynorsk programvare. Eit avgjerande initiativ var eit opprop underteikna av 110 ordførarar og over 400 rektorar. Oppropet var overrekt nærings- og handelsminister Grete Knudsen i mars 2001.
  • Elevstreik for nynorsk programvare, 28. september 2000: Aksjon for språkleg rettferd i skulen organiserer elevstreik for nynorsk programvare på ei rad vidaregåande skular
  • IKT i norsk utdanning – årsplan for 2001, mai 2001: I årsplanen blir det gjort klart at parallellitetskravet for læremiddel også gjeld digitale læremiddel, men førebels ikkje "administrativ programvare" (dvs. kontorstøtteprogram):
    "Forskriftene (§§ 17-1 til 17-5) til Opplæringsloven (§9-4) stiller krav om at læremidler skal foreligge på både nynorsk og bokmål, og formulerer også hvilke unntak som gjelder. Denne bestemmelsen gjelder også digitale læremidler. Tidligere Nasjonalt læremiddelsenter, nå Læringssenteret, har gitt støtte til en lang rekke utgivelser på begge målføre. I den forsterkede satsingen på digitale læremidler vil det bli tatt behørig hensyn til Opplæringslovens bestemmelser om språklig parallellitet. Administrativ programvare er unntatt fra Opplæringslovens bestemmelser om språklig parallellitet. Spørsmålet om innføringen av et slikt krav også for denne type programvare er under utredning i KUF."
  • Handlingsplan for norsk språk og IKT, juni 2001: På oppdrag frå Kulturdepartementet utarbeider Norsk språkråd Handligsplan for norsk språk og IKT. Eitt av dei åtte hovudmåla i planen er:
    "Mengden norskspråklig programvare må økes, særlig programvare på nynorsk".
    To sentrale tiltak knytte til dette målet:
    "NP1: Innføre et regelverk, med forankring i lov eller forskrift, for offentlige innkjøp av vanlig programvare (operativsystem medregnet) slik at det sikres språklige parallellutgaver [...] NP4: Oppheve unntaket fra kravet om språklige parallellutgaver for administrativ programvare til skolebruk"
  • Elektroniske læremidler og språklig parallellitet, Læringssenteret, juni 2001: På oppdrag frå KUF greier Læringssenteret i 2001 ut konsekvensane av å oppheve fritaket frå parallellutgåvekravet i opplæringslova for "administrativ programvare".
    "En arbeidsgruppe har sett på dette og foreslår at forskriftene endres etter følgende plan:
    Høsten 2001
    – Arbeidet med å oppheve unntaket fra kravet om språklig parallellitet for administrativ programvare (i først omgang tekstbehandling) startes.
    1. august 2002
    – Fritak for kravet om språklig parallellitet på tekstbehandling oppheves.
    1. august 2003
    – Fritaket for kravet om språklig parallellitet på øvrig administrativ programvare (regneark, databaseverktøy og presentasjonsverkstøy) som læremiddel oppheves."
    Departementet har enno ikkje teke avgjerd i saka.
  • Skulelinux, juli 2001: Dugnadsarbeid for omsetjing av kontorstøtteprogram og pedagogiske program til bokmål, nynorsk og nordamisk tek til sommaren 2001. Arbeidet får mykje merksemd og medverkar til at det seinare blir sett i gang omsetjing av OpenOffice og Ms Office til nynorsk. Mange medverkar til Skulelinux-prosjektet. Leiar for prosjektet er Knut Yrvin. [Meir]
  • Omsetjing av OpenOffice, juni 2002: Arbeid med å omsetje kontorstøtteprogramma OpenOffice (for Windows, Linux og Macintosh) tek for alvor til sommaren 2002. Omsetjingane skal også brukast i den kommersielle versjonen StarOffice. 
  • Omsetjing av Ms Office, november 2002: 5. november 2002 kunngjer Microsoft at neste versjon av Office-pakken kjem på nynorsk. Omsetjinga skal skje i samarbeid med Nynodata. Nynorsk blir dermed den 35. språkvarianten Ms Office-familien. [Meir]
  • Første nynorskversjonen av OpenOffice, 19. desember 2002: Første nynorskversjonen av OpenOffice er klar til nedlasting.
  • Notat frå Det Norske Samlaget til UFD, 2. juli 2003: Samlaget overrekkjer eit notat til Utdannings- og forskingsdepartementet om oppheving av unntaket frå parallellutgåvekravet i opplæringslova når det gjeld kontorstøtteprogram ("administrativ programvare"). [Notatet i Word-format]
  • Microsoft Office 2003 kjem med nynorsk grensesnitt, 11. november 2003: Nynorsk Interface Pack for Microsoft Office 2003
  • OpenOffice 1.1 ligg føre på bokmål og nynorsk, 1. desember 2003: OpenOffice 1.1 til kan lastast ned.
  • Fleirtalet i utdanningskomiteen krev kontorstøtteprogram i skulen både på bokmål og nynorsk, 11. juni 2004: Innst.S.nr.268 (2003-2004), pkt. 2.4, Læremidler.
  • Skulelinux 1.0 blir lansert, 21. juni 2004. 
  • OpenOffice 2.0 ligg føre, 21. oktober 2005. [Meir]
  • Utdanningsdirektoratet legg fram endringar i forskrifta til opplæringslova, 13. oktober 2005: Direktoratet gjer framlegg om at vanlege kontorstøtteprogram skal kome inn under kravet om språkleg parallellutgåve.
  • Kunnskapsdepartementet fastset ny forskrift til opplæringslova 26. juni 2006. Den nye forskrifta trer i kraft 1. august 2006. § 17-3 er endra slik at «administrativ programvare» (kontorstøtteprogram) no ikkje lenger er unnateken frå kravet om språkleg parallellutgåve. Det vil mellom anna seie at at tekstbehandlingsprogram, rekneark og databaseprogram som elevane skal bruke i undervisninga, skal liggje føre på begge målformer.


17. november 2002. Sist oppdatert 19. juli 2007

Utviklet av Gazette