Tenestemål

Regionale og lokale statsorgan har berre ein del av landet som tenestekrins.

  • Regionale statsorgan har ein tenestekrins som femner om meir enn éin kommune, men mindre enn heile landet.
  • Lokale statsorgan har ein tenestekrins som femnar om éin kommune eller ein del av ein kommune.

Regionale og lokale statsorgan kan ha tenestemål, eller dei kan vere språkleg nøytrale.

Tenestemål

Tenestemålet til eit lokalt statsorgan er den målforma vertskommunen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Er vertskommunen språkleg nøytral, er også det lokale statsorganet språkleg nøytralt.

Tenestemålet til eit regionalt statsorgan er fleirtalsmålforma i tenestekrinsen. Er det inga fleirtalsmålform i tenestekrinsen, er det regionale statsorganet språkleg nøytralt.

Fleirtalsmålform

Fleirtalsmålform er den målforma eit fleirtal av kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Det er inga fleirtalsmålform dersom meir enn halvparten av kommunane er språkleg nøytrale eller det er like mange bokmåls- som nynorskkommunar.

Dersom tenestekrinsen berre har to kommunar og den eine av dei er språkleg nøytral, er «fleirtalsmålforma» den målforma den andre kommunen har gjort vedtak om.

Mållova § 5

Mållova § 5 har denne ordlyden:

«Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen.

Så lenge ein kommune eller ein fylkeskommune ikkje har gjort vedtak som nemnt i denne paragrafen, skal han reknast for å vere språkleg nøytral.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtak etter denne paragrafen til departementet, som syter for at vedtaka blir gjorde kjende i statstenesta.»

 

Sist oppdatert: 11. mai 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter