1 Dersom nye ord som blir tekne i bruk i norsk allmennspråk, ikkje alt har ei form som høver inn i det norske ortografiske mønsteret, skal ein gje dei norsk ordform (ved anten fornorsking eller norvagisering).
2 Ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske fremmendord.
3 Norvagisering skal skje i eit moderat tempo der ein tek rimeleg omsyn til reaksjonar frå publikum.
Med "importord" meiner ein lånord og fremmendord. "Fornorsking" vil seie at ein finn eit norsk ord (ofte kalla eit "avløysarord") for importordet. "Norvagisering vil seie at ein gjev importordet norsk skrivemåte.
På årsmøtet 12.–13. februar 1998 gjorde Norsk språkråd dette vedtaket om normering av importord:
1 Dersom nye ord som blir tekne i bruk i norsk allmennspråk, ikkje alt har ei form som høver inn i det norske ortografiske mønsteret, skal ein gi dei norsk ordform (ved anten fornorsking eller norvagisering). (s. 99)
2 Ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske fremmendord. (s. 100)
3 Det er ei oppgåve for Språkrådet å "overvake" språksituasjonen slik at det kan finne ut i kva høve ein bør satse på eit avløysarord, og i kva høve det skal arbeide for ei norvagisert ordform. (s. 102)
4 Ein bør arbeide for at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, blir norvagiserte. (s. 103)
5 Ord som det er fagterminologisk grunn for å norvagisere, skal følgje dei same prinsippa som allmennspråklege ord. (s. 103)
6 Når det gjeld importord som er vanskelege å tilpasse norsk lydstruktur, bør ein prioritere arbeidet for eit norsk avløysarord. (s. 103)
7 "Det bør vises tilbakeholdenhet med forandring av termer som er i internasjonal bruk, for eksempel målenheter, særlig når ordet er avledet av et navn. Eksempler: becquerel, pasteurisere." [Lundeby 1987] (s. 103)
8 Engelske ord som er bygde opp slik at dei er gjennomsiktige også for nordmenn som kan engelsk, bør ein vere tilbakehalden med å norvagisere. Ein bør først satse på å få innarbeidd omsetjings- eller avløysarord for dei. Engelske ordstammar skal ein derimot vurdere å gi norvagisert skrivemåte, ev. i tillegg til at ein kjem med framlegg om avløysarord. (s. 104)
9 Ord som refererer berre eller nesten berre til saksforhold i engelsktalande land, bør halde på den engelske skrivemåten. Det same må i ein viss grad òg gjelde for ord frå språk som færre nordmenn kan. (s. 104)
10 Når ein skal avgjere om ein bør satse på norvagisering eller avløysarord, bør ein jamføre med situasjonen i dei skandinaviske grannelanda. (s. 104)
11 Når importorda går inn i allmennspråket, bør Språkrådet snarast råd vurdere om det skal foreslå eit avløysarord eller vedta ei norvagisert ordform – eller gjere begge delar. (s. 108)
12 Ein skal norvagisere nye importord etter det dominerande mønsteret for tilpassing til norsk uttale. (s. 108)
13 Norvagiserte ordformer skal ha same skrivemåte i bokmål og nynorsk. (s. 109)
14 Norvagiserte substantiv, verb og adjektiv skal setjast inn i norske bøyingsklassar slik at dei får tradisjonelle norske bøyingsendingar. (s. 122)
15 Adjektiv i nøytrum får konsonantforenkling framfor t-en: røff - røft. (s. 122)
16 Dei norvagiserte orda skal følgje nærare definerte prinsipp som er lista opp i utgreiinga. (s. 110–120)
17 Når eit ord med dominerande utalandsk skrivemåte er nytt i skriftnorma, bør ein tillate både utalandsk og norvagisert skrivemåte. (s. 123)
18 Når ei norvagisert ordform har vore tillaten og brukt i 20 år, bør ein vurdere å gjere ho til eineform. (s. 124)
19 Når Språkrådet blir spurt til råds om skrivemåten, skal det gi uttrykk for at ein helst ser at den norvagiserte blir brukt der han er tillaten. Språkrådet sjølv skal også halde seg til dei normerte norvagiserte skrivemåtane. (s. 124)
20 Ord som ikkje har vore behandla og normerte før, kan leggjast fram for årsmøtet kvart år. (s. 124)
21 Importord som har vore normerte før, skal behandlast ved slutten av kvar valbolk for Språkrådet. (s. 125)
22 Fagnemnda førebur framlegga og bør så langt råd prøve å behandle ord i grupper. (s. 125)
23 Språkrådet prioriterer arbeidet med dei ordgruppene som kan behandlast etter etablerte norvagiseringsmønster. (s. 125)"
(Frå Årsmelding 1998)
Utgreiinga
Utgreiinga Lånte fjører eller bunad? (1997) kan ein hente her: utgreiinga i pdf-format (525 kB). Vi gjer merksam på at i denne utgåva manglar nokre av vedlegga.
Ei omarbeidd og utvida utgåve kan kjøpast i bokhandelen:
Sandøy, Helge: Lånte fjører eller bunad? : om importord i norsk. Oslo, 2000. 306 s. (LNUs skriftserie ; nr 136) ISBN 82-02-19684-1 (h.)