Mønsterpraksisprosjekt for terminologiarbeid i UoH-sektoren

Hausten 2011 skipa Språkrådet og Universitets- og høgskolerådet (UHR) til eit idéseminar om norsk fagspråk i universitets- og høgskulesektoren. Bakgrunnen for idéseminaret var ei ny føresegn i universitets- og høgskulelova, § 1-7, der det heiter at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk».

Under dette idéseminaret vart det m.a. framheva at elektroniske termbankar er suverene som medium for å utvikle, lagre og spreie norsk terminologi i UoH-sektoren.

I kjølvatnet av idéseminaret vart det sett ned ei utgreiingsgruppe som skulle sjå på kva som kan vere ein tverrinstitusjonell mønsterpraksis for innsamling, registrering og tilgjengeleggjering av fagterminologi i UoH-sektoren. Gruppa leverte ein rapport om arbeidet sitt våren 2012.

Med utgangspunkt i rapporten vart eit såkalla mønsterpraksisprosjekt sett i gang hausten 2012. I tråd med tilrådinga frå utgreiingsgruppa tok dette prosjektet for seg terminologi i fagfeltet kjemi. Prosjektet varte fram til desember 2013.

Ei faggruppe av sju kjemikarar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo prøvde ut i to ulike arbeidsmåtar i terminologiarbeid i løpet av denne perioden. Språkrådets termwiki vart nytta for å registrere og gjere terminologien tilgjengeleg.

Erfaringane frå prosjektet har munna ut i ein rapport og ei rettleiing i terminologiarbeid i UoH-sektoren. Vonleg vil rettleiinga inspirere og gjere det lettare for andre fagfelt å gjennomføre terminologiprosjekt

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.07.2012 | Oppdatert:14.01.2021