Rettleiing i terminologiarbeid

Ønskjer fagmiljøet å setje i gang eit terminologiprosjekt? Her finn du eit metodetilbod på korleis det kan gjerast.

Kvifor jobbe med terminologi?

Ei termliste eller ein termbase er heilt nødvendig når du skal forklare fagtermar for andre enn fagfolk, og når verksemda eller fagmiljøet skal fastsetje norske fagtermar for engelske. Skal verksemda eller fagmiljøet få ein einsretta og presis bruk fagtermar, vil ei termlista vere eit uunngåeleg verktøy.

I universitets- og høgskulelova er dessutan dei akademiske institusjonane lovpålagde å utvikle norsk fagspråk. Fleire fagmiljø har difor oppretta termgrupper, t.d. i kjemi, astronomi, kjønnsforsking, lingvistikk og celle- og molekylærbiologi. Termlistene er spesielt nyttige for studentar som les pensum på engelsk.

Korleis jobbe med terminologi?

Språkrådet har prøvd ut ulike arbeidsmåtar som kan nyttast til å samle inn, registrere og tilgjengeleggjere terminologi. Erfaringane våre har munna ut i ei liste med praktiske tilrådingar til andre fagfelt som ønskjer å gjennomføre liknande prosjekt. Lista finn du under, og du kan lese meir om bakgrunnen, kostnadane og arbeidsmåtane i ein rapport.

Prøveprosjektet vart gjort på fagfeltet kjemi, og du kan sjå resultatet i Språkrådets termwiki. Vi tilbyr også andre prosjekt å nytte den same termwikien.

Tilrådingar

1 Prosjektgruppa

Ei prosjektgruppe i terminologi bør vere på mellom fem og åtte medlemar. Medlemane må ha kompetanse og eigarskap til stoffet. Ein person med bakgrunn i terminologi eller leksikografi bør vere med i prosjektgruppa.

Om termgruppa kjem frå UH-sektoren, vil det vere ein fordel om ho er forankra i det nasjonale fagrådet for fagfeltet det gjeld og har medlemar frå ulike utdanningsinstitusjonar.

2 Oppstartsmøte

Prosjektet bør setjast i gang med eit felles oppstartsmøte der ein avklarar forventningar og viktige spørsmål om til dømes korleis og i kva grad prosjektmedlemane kan bidra.

Medlemane må verte samde om prosjektmandatet der formålet og målgruppa vert fastsett. I mandatet bør også fagområdet avgrensast, og det må også gå fram av mandatet om fagordlista skal vere tospråkleg (t.d. engelsk-norsk) eler eittspråkleg (hugs begge målformene, ikkje utset den eine til seinare).

Det er også naturleg at terminologen eller ein annan kompetent person gjev ei kort innføring i terminologisk teori og metode. Alle medlemane bør lese innføringsheftet Termlosen før møtet.

3 Publisering

Prosjektmedlemane må velje om dei vil publisere termane i ei termliste på ein nettstad eller i ein termbank

Ein termbank er ein database med terminologisk innhald, det vil seie eit verktøy der ein lagrar fagtermar og definisjonar som sluttbrukarane kan søkje i. Det finst fleire termbankar på marknaden. Språkrådets termwiki er ei brukarvenleg og enkel gratisløysing som har fungert i fleire prosjekt. Noregs handelshøgskole (NHH) tilbyr også ei termbankløysing til sektoren.

4 Val av termar

Eit medlem av prosjektet bør velje ut brukarnær terminologi frå tekstar som målgruppa støyter på, gjerne 20–35 per arbeidsmøte.

God kvalitet på termlista får ein ved ei systematisk tilnærming til utvalet av termar. Det sikrar ein ved å ta med tilhøyrande fagtermar (overordna omgrep, sideordna omgrep og underordna omgrep), sjå Termlosen.

Om målgruppa er studentar, bør ein ta utgangspunkt i pensumlitteraturen. Det kan vere føremålstenleg å betale ein fagperson (t.d. mastergradsstudent) for å gå igjennom og plukke ut termar frå ei pensumbok. Eit raskare alternativ kan vere å plukke termane frå emneordregisteret i slutten av pensumboka.

I andre tilfelle kan ansvaret for utveljing av termar og førebuing til arbeidsmøtet gå på rundgang blant prosjektmedlemane. Nokre prosjekt gjer det på den måten med hell.

5 Arbeidsgrunnlag (førebuing)

Termane bør supplerast med forslag til definisjonar frå autoritative kjelder, til dømes (engelskspråklege) fagordbøker, leksikonartiklar (sjå Store norske), handbøker, rapportar osb. Forslaga kan samlast i eit eigna ark som fungerer som arbeidsgrunnlag for diskusjonar (sjå døme nedst).

Nytt gjerne malen for arbeidsark i høgre kolonne.

6 Arbeidsform

Gruppa bør møtast minst to gongar i året for å gå igjennom materialet, gjerne oftare. I møtet kan ein ta utgangspunkt i arbeidsarket med engelsk term og forslag til definisjonar og bli samde om norske termar på begge målformer, eventuelt synonyme termar, kortformer og ein definisjon på norsk. Etter møtet må alt leggjast inn i den valde termbanken, gjerne av den same fagpersonen som plukka ut termane. Hugs korrekturlesing.

7 Alternativ arbeidsform

Om det er vanskeleg å samle alle prosjektmedlemane i eit arbeidsmøte, kan ein vurdere å dele gruppa i to eller fleire, alt etter arbeidsstad.

Eit anna alternativ kan vere å nytte videokonferanse (Skype e.l.) for diskusjonar, men fysiske arbeidsmøte har synt seg å vere mest effektivt i andre prosjekt.

8 Stilark (mal)

Eit stilark for korleis terminologiske data skal registrerast i termbanken, er eit godt og nødvendig hjelpemiddel. Arket kan lagast av terminologen i prosjektet. I stilarket står det til dømes korleis ein bør referere til kjelder, formulere definisjonar, kommentarar og liknande. Eit stilark sikrar effektiv, einskapleg og strukturert termregistrering i termbanken (sjå døme lenger nede).

9 Bruk av eksisterande materiale

Om prosjektgruppa har tilgang til allereie kvalitetssikra terminologisk materiale, kan ein vurdere å leggje dette rett inn i termbanken utan eigne diskusjonar for raskt å oppnå ei viss mengde termar.

10 Marknadsføring av termbanken

Innhaldet i termbanken må gjerast kjent for relevante brukarar så raskt råd er, gjerne ved å bruke sosiale medium. Slik kan ein òg få tilbakemeldingar frå publikum om termar som manglar.

Om målgruppa er t.d. studentar, bør dei orienterast om termlista ved semesterstart, spesielt om pensum føreligg på engelsk. Fagutvala og linjeorganisasjonane til studentane kan også vere ein eigna kanal.

11 Drift

Innhaldet i termbanken bør jamleg oppdaterast og helst vidareutviklast i tråd med den faglege utviklinga på fagfeltet.

Døme på stilark

Ein term bør stå i eintal, ubunden form og med små bokstavar.

Synonym, kortformer og formlar bør registrerast i eigne felt i termbanken.

Ein definisjon bør byggje på gjeldande terminologiske prinsipp. Desse kan hentast frå Termlosen, jamfør punkt 1 i tilrådingane over. Eit synonym er ikkje ein definisjon.

Eventuelle kommentarar til definisjonen bør skiljast ut og førast i eit eige felt i termbanken.

Døme på arbeidsark (frå kjemi)

Engelsk termOxfords Dictionary of ChemistryPenguins Dictionary of ChemistryMcGraw-Hills Dictionary of ChemistryNorsk term (må fyllast ut i arbeidsmøtet)Norsk definisjon (må fyllast ut i arbeidsmøtet)

solvent

A liquid that dissolves another substance or substances to form a solution

In a solution, the substance which makes up the bulk of the solution is usually termed the solvent

The part of a solution the is present in the largest amount, or the compound that is normally in the pure state (as the solutions of solids or gases in liquids

 

 

concentration

The quantity of dissolved substance per unit quantity of a solution

The amount of substance in a given volume of solution or, for gases, the molar proportion in the gas

In solutions, the mass, the volume, or number of moles of solute present in proportion to the amount of solvent or total solution

 

 

dilute solution

X

A dilute solution is one which only a small amount of solute

X

 

 

osb.

 

 

 

 

 

 

Oppdatert 3. november 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter