Korleis er stadnamna blitt til?

Stadnamna og språket i det heile er ein reiskap vi nyttar for å byggje opp og halde orden på verda ikring oss. Vi kan og seie at stadnamna er ei form for kommunikasjon mellom menneska. Namnsetjing, normering og bruk av namn blir såleis ein del av kommunikasjonsprosessen i samfunnet.

I dag skjer namnsetjinga ofte gjennom ei medviten handling som vi kan sjå på som ein dåp. Gate- og vegnamna blir t.d. innførte gjennom kommunale vedtak. Bygningar, institusjonar og verksemder får ofte namn som skal vere både prydelege og tydelege.

Dei tradisjonelle stadnamna er oftast resultat av ein lengre prosess. Før dei fjerne forfedrane våre tok til å utnytte ressursane, kan vi førestelle oss at landskapet låg i ein slags jomfrueleg tilstand, om lag som polarområda opp til vår tid, som eit blankt ark «med farjestifter tel». Etter kvart som menneska gjorde sin entré og byrja å utnytte eit område, grodde stadnamna fram som merkelappar på dei ulike lokalitetane. På same måte som i våre dagar måtte tidlegare generasjonar halde kvarandre orienterte om kvar dei hadde sine ulike gjeremål ved hjelp av stadnamn.

Konkret bakgrunn

Dei fleste stadnamna har ein konkret bakgrunn – namngjevarane har så å seie kunna trekkje dei ut av omgivnaden. Ein lang dal blei heitande Langedalen, ei djup vik Djupvik. Men det vil ikkje seie at alle lange dalar blei heitande Langedalen, eller at alle djupe vika fekk namnet Djupvik. For det første kan det vere upraktisk med fleire likelydande namn i same namnemiljøet. For det andre finst det tallause andre måtar å karakterisere tilhøva på staden på, og som kan gje grunnlag for namnsetjinga. Dei gamle hadde nok også i større grad enn vi som lever i dag, sans for detaljane og særmerka i naturen, og dette speglar seg av i namnetilfanget.

Sjølv om dei aller fleste tradisjonelle stadnamna har opphav i eit beskrivande uttrykk, så er det utmerkings- eller adressefunksjonen som er det primære ved eit namn. Lett gjennomsiktige namn som Leikvoll og Torget er nok beskrivande, men det beskrivande innhaldet kjem i bakgrunnen når stadene får endra funksjon. Dersom Leikvoll er namn på ei hytte, tenkjer ikkje namnebrukarane utan vidare på ein leikeplass (som er den opphavlege tydinga av namnet).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021