Kor mange stadnamn?

Kvart samfunn, stort eller lite, har sitt namnetilfang. Men talet på stadnamn står ikkje i noko fast forhold til folketalet i området. Der folk bur tett, t.d. i byar og tettstrok, er det nok fleire personar enn stadnamn, medan det kan finnast dusinvis av stadnamn for kvar person i eit grisgrendt strok der dei har halde ved like ein rik namnetradisjon. Frå einskilde gardsområde kan det vere registrert fleire hundre namn.

Fleire millionar

Kor mange stadnamn vi har i landet, er det vanskeleg å avgjere nøyaktig. Det har vore rekna på at det på landsbasis er gjennomsnittleg 100 lokale stadnamn på kvar av dei om lag 50 000 matrikkelgardane i landet, og ein kjem då fram til 5 millionar namn, eit tal som kanskje er for høgt i dag. Noko som gjer det vanskeleg å slå fast talet, er at det enno er store område i landet der stadnamna Ikkje er systematisk samla inn. Eit anna problem i samband med ei oppteljing er at namnemassen ikkje er stabil – gamle namn fell ut og nye kjem til. Dessutan er det ikkje heilt enkelt å setje grensa mellom «eigentlege» stadnamn og vanlege ord (samnamn eller appellativ). Stundom fungerer Posthuset og Leikeplassen som stadnamn, andre gonger blir dei nytta som appellativ.

Mange like namn

Når ein diskuterer talet på stadnamn, må ein og hugse på at det finst mange likelydande namn rundt om i landet, t.d. Hagen, Hagan, Hågan, Sollia, Storgata osv. På grunnlag av eit utval av vel 153 000 stadnamn i Norsk stedsfortegnelse har ein kome fram til at 80 000 eller vel halvdelen av oppslaga finst berre ein gong, medan resten står to eller fleire gonger. Ulike skrivemåtar av same ord som Vika og Viken blir rekna som ulike namn. Nærare 2 % av oppslagsformene er oppførte meir enn 50 gonger. Dei tre mest utbreidde sisteledda i denne namnelista er heim (ca. 6700), stad (ca. 6200), rud  (ca. 3500). Mange av desse er nyare namn på mindre eigedomar. Totalt finst det over 1 million registrerte eigedomar, medrekna husvære, og ein stor del av desse har namn. Kor mange ulike namn (naturnamn og kulturnamn) som finst i alt, kan vi først seie når storparten av namna er systematisk innsamla og helst gjort tilgjengelege på data. Då vil ein kunne få ut pålitelege tal over fordelinga i det totale namnetilfanget. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:22.06.2011 | Oppdatert:14.01.2021