Språkpolitikk for universitet og høgskolar

Frå 1980-åra spreidde det seg ei frykt for at engelsk skulle fortrengje norsk på viktige samfunnsområde (domene), som universitets- og høgskolesektoren. Dette blei kalla fare for domenetap. Som mottiltak har det etter tusenårsskiftet vore arbeidd med å utvikle og innføre språkpolitiske strategiar i sektoren. Her står innføring av parallellspråklegheit (parallellspråksbruk) sentralt.

Parallellspråklegheit: norsk, engelsk og andre språk

Omgrepet parallellspråklegheit kom i sentrum særleg etter at den nordiske språkdeklarasjonen var underskriven i 2006. Dette prinsippet er forklart slik i deklarasjonen (s. 63): «Med parallellspråklighet menes samtidig bruk av flere språk innenfor ett eller flere områder. Det ene språket slår ikke ut det andre, men språkene brukes parallelt.»

Også Mål og meining (2007–2008) trekte fram parallellspråklegheit i samband med forsking og høgare utdanning, og det same gjorde dei språkpolitiske anbefalingane som Universitets- og høgskolerådet (UHR) vedtok for universiteta og høgskolane i 2007. Her heitte det at institusjonane bør lage «språkstrategier som sikrer parallellspråklighet, dvs. norsk som nasjonalt fagspråk og engelsk som internasjonalt fagspråk».

I 2014 hadde dei fleste universiteta laga språkstrategiar, men berre nokre få av høgskolane. Strategiane følgjer gjerne anbefalingane frå UHR. Det går att at norsk skal vere hovudspråket, men òg at lærestaden skal vere parallellspråkleg. Kva dette skal innebere i praksis, er ikkje like klart. Her har eit nordisk forskarnettverk gjennomført eit analysearbeid, og i ei bok frå nettverket kan institusjonar som ønskjer det, finne forskingsbaserte råd og retningslinjer.

Språksenter ved lærestader

Ein sentral tanke i mange utgreiingar og diskusjonar har vore at lærestadene bør skipe språksenter der forskarar, undervisarar og andre kan få hjelp med språket, anten det gjeld norsk, engelsk eller andre språk. Her har Center for Internationalisering og Parallelsproglighed ved Københavns universitet vore trekt fram som modell. Men i Noreg var det i 2014 framleis berre ved Universitetet i Bergen at språksentertanken var følgd opp.

Språkpolitikken enno ikkje gjennomført

Norske universitet og høgskolar har ikkje fullt ut gjennomført den språkpolitikken som dei etter stortingsbehandlinga av språkmeldinga bør setje i verk. Ved årsskiftet 2013/2014 kjende berre to av ti universitets- og høgskolelærarar ordet parallellspråklegheit. Vel en fjerdedel kunne seie om institusjonen deira hadde ein språkpolitisk strategi i tråd med språkmeldinga.

Problemet er at dei språkpolitiske målsetjingane som blir vedtekne, lett blir borte på vegen når dei same lærestadene vedtek overordna strategiplanar. Ei kritisk vurdering av denne tendensen kan ein finne i ein rapport av professor Anders Johansen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter