Pensumlitteratur (faglege læremiddel)

Språket i pensum i høgare utdanning seier noko om språksituasjonen i heile sektoren. I 2013 var 70 prosent av pensum på lågare nivå (bachelornivå) på norsk, mot 30 prosent på engelsk, medan fordelinga på høgare nivå (masternivå) var om lag like mykje på norsk og på engelsk. Både bokmarknaden, vilkåra for å skrive lærebøker og tilgangen på digitalisert lærestoff verkar inn på dette.

På lågare nivå har språkfordelinga vore stabil sidan 1980, og etter tusenårsskiftet ser det ut til at norsk har gått litt fram som pensumspråk på dette nivået. For høgare nivå (masternivå) har vi berre tal frå 2013. Eit mønster er at det er meir pensum på engelsk i fag som biologi, informatikk og økonomi enn i historie, rettsvitskap og sjukepleie. Særleg på masternivå i historie er det også litt pensum på andre skandinaviske språk enn norsk.

Kvifor pensum på norsk?

Studentar treng å bli kjende med internasjonal faglitteratur og – særleg på høgare nivå – engelsk fagspråk. Men dei treng òg eit norsk fagspråk, som dei møter i læremiddel på norsk. Universiteta og høgskolane har plikt til å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.

Mange studentar rapporterer om større eller mindre problem med å lese akademiske tekstar på engelsk. Norsk studentorganisasjon har engasjert seg politisk for å sikre eit nødvendig tilbod av fagbøker og lærebøker for høgare utdanning på norsk.

Fagbøker og lærebøker for høgare utdanning på norsk

Skal ein ha norske titlar på pensum, må det finnast lærebøker og annan faglitteratur på norsk. Derfor dreier dette seg også om bokmarknaden og om vilkåra for å skrive bøker.

I 2008 gjekk det samla salet av lærebøker for høgare utdanning og fagbøker ned, og enno i 2013 var det lågare enn i 2005. Når det gjeld talet på titlar i desse bokgruppene, har det teke seg opp att fram til 2013 etter å ha falle kraftig i 2008 (lærebøker) og i åra før det (fagbøker).

Å skrive lærebøker er lite meritterande for tilsette ved lærestadene, samstundes som den offentlege støtta til lærebøker for høgare utdanning er lita og ikkje kan kombinerast med støtte til bøker som får utteljing som forskingspublisering. Dette fremjar ikkje lærebokskriving.

Papirformat eller digitalt?

I 2013 låg 60 prosent av alt pensum berre føre i papirutgåve, medan 24 prosent fanst både på papir og digitalt og 2 prosent berre i digital form (ikkje alt digitalisert stoff var like tilgjengeleg for studentane). Det blir meir bruk av digitalt pensum, men utviklinga går saktare enn ein kanskje skulle tru. Reduksjon eller sløyfing av meirverdiavgift på e-bøker kan påverke dette.

Overgangen til digitalt pensum kan få følgjer for språkfordelinga, fordi tilfanget av lett tilgjengelege digitaliserte tekstar på engelsk kan bli mykje større enn på norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter