Høgare utdanning

Fram til 1995 skulle undervisningsspråket etter lova vere norsk «til vanleg», men i den nye universitets- og høgskolelova frå 2005 var denne føresegna fjerna. I 2007 anbefalte Universitets- og høgskolerådet likevel at undervisningsspråket ved lærestadene normalt skal vere norsk. Trass i dette blir det etter alt å dømme undervist stadig meir på engelsk, ofte utan særleg tilrettelegging.

Mykje engelsk på høgare nivå

Det er ikkje nytt at engelsk blir nytta i norsk høgare utdanning. Men med kvalitetsreforma frå 2000–01 og internasjonaliseringsmeldinga frå 2008–09 blei det gjort til eit politisk mål at universiteta og høgskolane skulle satse på å byggje opp fagtilbod på engelsk. Dermed er det blitt mykje vanlegare enn før å undervise på engelsk ved institusjonane her i landet.

På høgare nivå var engelsk i 2007–08 utlyst som undervisningsspråk på 19 prosent av dei 910 mastergradsprogramma som hadde påmelde studentar. Av i alt 49 700 studentar som var skrivne inn på mastergradsprogram, var 27 prosent registrerte på engelskspråklege program. Når det gjeld lågare nivå, tyder alt på at undervisning på engelsk er mindre utbreidd enn dette.

For hovudfagsoppgåver og masteroppgåver gjekk prosentdelen av oppgåver på engelsk opp frå 9 til 33 mellom 1986 og 2006. Prosentdelen av oppgåver på norsk gjekk samtidig ned frå 83 til 64. Etter 2006 har oppgangen for engelsk og nedgangen for norsk halde fram. Informatikk og samfunnsøkonomi er to fag der engelsk styrkte seg særleg mykje som språk i slike oppgåver i tjueårsperioden fram til 2006, medan norsk heldt betre stand i historie.

Pedagogiske konsekvensar

Det er godt kjent at undervisninga blir meir monologisk og studentane meir passive når deltakarane ikkje har engelsk som førstespråk. Svenske fysikkstudentar som blei underviste på engelsk, stilte færre spørsmål enn elles, slutta å ta notat og tilpassa seg på andre måtar. I Noreg har ein sett at undervisninga i praksis ofte ikkje er reint engelskspråkleg, men meir eller mindre parallellspråkleg, med bruk av norsk i tillegg.

Skal auken i engelskspråklege undervisningstilbod gje høgare kompetanse, slik tanken er, trengst det derfor språkpolitisk refleksjon og særleg tilrettelegging. Slik har det ofte ikkje vore til no; ein har berre endra undervisningsspråket direkte med dei følgjene det får. Erfaringane varierer. Eit nordisk forskarnettverk har laga ei samling anbefalingar og råd om korleis ein kan ta i bruk undervisning på engelsk på universitets- og høgskolenivå på ein fruktbar måte.

Undervisning er samtidig innføring i eit fagspråk, og fagkompetanse er språkbunde og aktivitetsbunde. Studentar kan ha svært ulike føresetnader. Dei som har problem med å følgje undervisning på norsk, får det ikkje lettare når undervisninga er på engelsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter