Mållova og statusen til statsorgana

Mållova skil mellom ulike typar statsorgan etter kva område dei dekkjer.

Dette er dei ulike typane statsorgan:

  •  Sentrale statsorgan, t.d. Språkrådet, Politidirektoratet og Universitetet i Oslo, dekkjer heile landet.
  •  Regionale statsorgan, t.d. fylkesmennene, helseføretaka og organisasjonsledd i større statsorgan, dekkjer meir enn ein kommune og mindre enn heile landet.
  •  Lokale statsorgan, t.d. mange Nav-kontor, dekkjer ein kommune.

Somme av reglane i mållova gjeld alle typar statsorgan, medan andre berre gjeld ein eller to av dei. Sentrale statsorgan er alltid språknøytrale og skal veksle mellom målformene. Regionale og lokale statsorgan har ofte tenestemål, det vil seie at dei som hovudregel skal bruke ei av målformene i det skriftlege tilfanget.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter