Mållova

Stortinget har lagt klare føringar for bruken av bokmål og nynorsk i staten.

Det er lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) som regulerer bruken av dei to målformene våre i statleg forvaltning.

Føremålet med lova finn me i § 1:

§ 1. Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.

Jamstillingsprinsippet inneber at båe målformene skal tolast og brukast. Det vil mellom anna seie at nynorskbrukarar skal møte bokmål, og at bokmålsbrukarar skal møte nynorsk. Føremålsparagrafen omfattar staten, kommunar og fylkeskommunar, men dei detaljerte reglane i mållova gjeld berre for statleg forvaltning.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter