Retningslinjer for normering av nynorsk og bokmål

Språkrådet har trekt opp retningslinjer for korleis normering av bokmål og nynorsk skal drivast framover. Å normere vil seie å fastsetje rettskrivingsnormene.

Skrivemåtar og skrivereglar

Språkrådet har fullmakt til å endre skrivemåte og bøying av ord i bokmål og nynorsk og til å fastsetje skrivemåten av nye ord i norsk. Reglar for teiknsetjing og andre skrivereglar kan òg endrast. Dersom det er tale om omfattande normeringsvedtak, skal dei leggjast fram for Kulturdepartementet til godkjenning.

Språkrådet har fullmakt til å normere

Retningslinjene viser korleis Språkrådet vil drive normeringa. Språkrådet fekk fullmakt til å gjere normeringsvedtak i 2012 ved ei vedtektsendring. Dette arbeidet blir ei vidareføring av normeringsverksemda til Norsk språkråd (1972–2004) og Norsk språknemnd (1952–1971), men ein tek til dels andre omsyn i normeringa no enn før.

Retningslinjene har særskilde kapittel om bokmål og nynorsk og dessutan kapittel om terminologi, importord og andre emne.

Retningslinjene gjeld frå 1. mars 2015.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter