Ny rettskriving i nynorsk i 2012

Kulturdepartementet har fastsett ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012. Språkrådet har gjeve ut brosjyren Ny nynorskrettskriving frå 2012 om hovuddraga i den nye rettskrivinga. Du kan laste ned brosjyren og lese meir om endringane i nynorsk her.

Hovudpunkt i den nye rettskrivinga

  • Skiljet mellom hovudformer (læreboknormalen) og sideformer (klammeformer) i rettskrivinga er oppheva. Alle former er no jamstilte. Det er ikkje lenger noko skilje mellom kva former elevane kan bruke, og kva former som kan brukast i lærebøker for skulen og i statstenesta.
  • Bøyingsverket er enklare enn før ved at fleire kategoriar av ord no kan bøyast på berre ein måte.
  • Ein del former, både tidlegare sideformer og hovudformer, er tekne ut av rettskrivinga.
  • I mange tilfelle blir valfridommen ståande. Ein del sideformer har vorte gjeldande rettskrivingsformer, og nokre få nye former er tekne inn. I reforma er det lagt vekt på å ta vare på former som er i allmenn bruk blant nynorskbrukarar.

Tiltak som Språkrådet har sett i verk i samband med den nye rettskrivinga

 

Du kan lese om arbeidet og bakgrunnen for den nye rettskrivinga her.

 

Sist oppdatert: 2. mars 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter