Ivar Aasen: Norsk Grammatik (1864)

Omarbeidet Udgave af "Det norske Folkesprogs Grammatik". Christiania. B. T. Mallings Forlagsboghandel. 1864

Tittelside

Skrevet om Norsk Grammatik

«Med Norsk Grammatik (NG) vart landsmålet fullstendig og i all hovudsak endeleg kodifisert frå Aasens hand. Det er det som gjer at boka står så sentralt. Dei som har skrive om Aasen før, har likevel lagt merkeleg lite vekt på NG. Liestøl synest t d å betrakta NG mest som eit vedheng til DnFG [Det norske Folkesprogs Grammatik], men også Koht (1981b) og Moe (1927) skreiv lite. På 1980-talet heldt Bernt Fossestøl oppe denne tradisjonen. At NG var ei heilt ny bok i høve til DnFG, var derimot Aasen sjølv fullstendig klår over.»

(Frå Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp. Oslo: Det Norske Samlaget 1996, s. 486)

«Norsk Grammatik af Ivar Aasen var som fagleg arbeid og som vitskapsverk ein framifrå prestasjon. Eit slikt verk kunne berre gjerast av ein som hadde særskilde evner, og også, kan ein vel seia: av ein som kjende eit særskilt kall til å løyse nett den oppgåva. Om ein skal finne eit høveleg døme på skriftordet om å koma då tida var fullkomen ("i tidenfylde"), så gjeld det for Ivar Aasens arbeid med norsk mål. Det eigentlege vitskapsarbeidet med Norsk Grammatik var likevel ikkje det einaste eller det viktigaste med verket. Det epokeskapande var den sosiale og kulturelle sprengkrafta som låg i at Ivar Aasen med denne grammatikken la fram ei norm for eit nytt norsk skriftspråk, og at han kom med det som eit framlegg til Noreg på 1800-talet.»

(Frå Kjell Venås: Målvitskap og målrøkt. Oslo: Novus forlag 1997, s. 246)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.02.2005 | Oppdatert:14.01.2021