På oppdrag frå Kulturdepartementet har Språkrådet laga rapporten Språkstatus 2010. Kunnskap frå elleve språkpolitiske område.
Språkrådet skal leggje fram ein slik rapport kvart år. Desse årlege rapportane skal danne grunnlaget for ei stortingsmelding om språktilstanden i Noreg frå Kulturdepartementet kvart fjerde år.
Språkstatus 2010 har dokumentasjon frå desse områda:
- språkhaldningar
- rettskrivingsnormer og språkutvikling
- språkbruk i staten
- språkbruk i arbeids- og næringslivet
- språkbruk i kultursektoren
- språkopplæring
- språkbruk i høgare utdanning og forsking
- fagspråk og terminologi
- språk og IKT
- fleire språk
- grannespråk
Du kan laste ned rapporten i pdf-format her.