Høgskular og universitet sviktar
Av dei statlege høgskulane var det berre tre som hadde meir enn 25 % nynorsk: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund. Universitetet i Bergen har om lag 10 % nynorsk, dei andre universiteta kjem langt dårlegare ut.
Publikumsretta nettstader er mellom dei dårlegaste
Mellom dei dårlegaste finn vi fleire av dei største publikumsretta nettstadene: Aetat, Barneombodet, Den norske kyrkja, Likestillingsombodet, Posten Noreg, Rikstrygdeverket, Samordna opptak, Skattedirektoratet, Ung.no og Nasjonalbiblioteket.
Språkkrav til statlege nettstader
Nettstadene til statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal ha minst 25 % nynorsk. Det er fastsett av Kultur- og kyrkjedepartementet i St.meld. nr. 9 (2001–2002) og St.meld. nr. 48 (2002–2003). Begge målformene skal vere klart synlege på dei øvste nivåa på nettstaden. Ikkje berre skal ein del av det vekslande tilfanget vere på nynorsk, men også ein del av dei faste tekstane og menyane.
Nettstader med meir enn 25 % nynorsk
Desse nettstadene hadde meir enn 25 % nynorsk:
1 Høgskulen i Sogn og Fjordane
2 Bunad- og folkedraktrådet
3 Høgskulen i Volda
4 Noreg.no
5 Språkrådet
6 Lotteri- og stiftelsestilsynet
7 Høgskolen Stord/Haugesund
8 Norsk lokalhistorisk institutt
9 Brønnøysundregistra
10 Utdanningsdirektoratet
Deretter følgde Statens lånekasse for utdanning og Norsk kulturråd, som mangla lite på å nå opp til 25 %. Høgskulen i Sogn og Fjordane skilde seg ut ved å ha for lite bokmål på nettstaden. Rangeringa av Utdanningsdirektoratet gjeld hovuddomenet til direktoratet. Skolenettet, som høyrer inn under direktoratet, hadde berre 9 % nynorsk.
Alt i alt: 6 % nynorsk
Alt i alt var det 6 % nynorsk på dei 173 nettstadene som vart kartlagde. Prosenttala må, som det er gjort greie for i metodemerknadene, tolkast med ein viss slingringsmonn.