Rapportar

Nokre statsorgan har definert eigne skriveråd for sjangeren rapportar. Her er skriveråda til HELFO (Helseøkonomiforvaltninga). 

Rapportar er som regel lange tekstar, men på same måten som i kortare tekstar skal lesaren straks skjøne kva rapporten tek for seg.

[...]

Når du skriv rapportar, skal du både få fram konklusjonen eller det som blir anbefalt, pirre lesaren, fokusere på data som kastar lys over problemstillinga, og lage eit godt samandrag.

Lag eit godt samandrag

  • Alle rapportar skal ha eit samandrag, som skal stå først i rapporten.
  • Bruk tid på samandraget – det er ofte dette som blir lese. Hugs at samandraget skal kunne stå på eigne bein, så tenk igjennom kva du vil ha fram i samandraget slik at målgruppa får med seg dei viktigaste punkta.

Lag ein god struktur

  • Ein god struktur er minst like viktig i lange tekstar som i korte. Ha ein plan for korleis du vil byggje opp rapporten, før du set i gang med å skrive. Er de fleire som skriv rapporten saman, er dette ekstra viktig.
  • Etter samandraget skal det kome ei innleiing, som du må lage. Innleiinga skal seie noko om kvifor rapporten er laga, og kva han handlar om.
  • Få fram den viktigaste informasjonen i byrjinga av kvart kapittel.
  • Bruk meiningsberande overskrifter og mellomtitlar. Overskrifter og mellomtitlar skal gje lesaren ein god peikepinn om kva det einskilde kapittelet eller avsnittet handlar om.
  • Rapporten skal byggje opp under konklusjonen. Ver difor kritisk når det gjeld kva som skal vere med av stoff. Det er ikkje sikkert at alt som har kome fram i prosessen, fortener ein plass i rapporten.

Sørg for å få innhaldet og funna godt fram

  • Sørg for at alle data er rett tolka.
  • Bruk tabellar og figurar for å vise noko viktig i teksten. Tabellane og figurane skal alltid vere lette å tolke og interessante sedde frå perspektivet til lesaren. Kommenter dei i sjølve teksten og sørg for at dei står i samanheng med den teksten dei handlar om.
  • Lag korte og beskrivande tekstar som du set over tabellar og figurar. Sei kva temaet er, og gje nøkkelopplysningar som tidsrom og måleining. Det kan for eksempel bli slik: Utgiftsutvikling for fysioterapi, milliardar kroner, årstal, totalt, honorartakst, refusjonstakst.
  • Ver tydeleg og eksakt i tolkinga og konklusjonane.
  • Ha fugleperspektiv – trekk linjene frå funna.

Forklar sentrale omgrep og presenter eventuelt relevant regelverk

  • Definer sentrale og vanskelege omgrep.
  • Gje ein kort presentasjon av regelverk som er relevant, dersom det er aktuelt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter