Konsekvent nynorsk

Dei fleste ord har berre éin skrivemåte og bøyingsmåte, men mange ord og grupper av ord har valfrie former. Denne rettleiinga er meint som ei hjelp når ein skal skrive rett nynorsk og må velje mellom ulike rettskrivingsvariantar.

Rettleiinga er særleg mynta på dei som skriv i arbeidet. Det verkar ryddig og ordentleg at ein ikkje vekslar mellom fleire former, og det kan vere praktisk å velje éin variant og halde seg konsekvent til den når fleire personar er saman om å skrive eit dokument.

1. august 2012 kom det ny rettskriving for nynorsk. Med den nye rettskrivinga er det ikkje noko skilje mellom hovudformer og sideformer (klammeformer) lenger. Det er berre eitt nivå i rettskrivinga, slik det har vore i bokmål sidan 2005. Rettskrivinga i nynorsk er forenkla, og ein del ord som før hadde valfrie former, har no fått eineform. Det er likevel stor valfridom i rettskrivinga framleis.

Valfridommen har samanheng med språkleg variasjon i dialektane og med skrifttradisjonen i nynorsk. Til dømes høyrer dei valfrie infinitivsendingane -a, -e og kløyvd infinitiv til i kvar sine geografiske område, og a-infinitiv er samtidig den forma som har lengst skrifttradisjon i nynorsk. Andre kategoriar, som enkel og dobbel konsonant, har òg sine geografiske tyngdepunkt og er knytte til visse stiltradisjonar. Difor kan ein gjerne tenkje over om ein kan gjere gjennomgåande rettskrivingsval som harmonerer med systemet i dialektane og med ulike skrifttradisjonar.

Nedanfor står nokre reglar om konsekvent formval der det er valfrie former. Vi har skilt mellom krav om konsekvens og råd om konsekvens. Reglane er nokså allmenne og er til dels slike som profesjonelle skribentar er vane med å bruke.

Kva inneber språkleg konsekvens?

Det er rimeleg at ein held seg til ein og same skrivemåte av enkeltord gjennom ei tekst. Ord som har språkleg samanheng med kvarandre, bør òg følgjast åt i skrivemåten, slik at ein skriv anten løn og løning eller lønn og lønning. Slik kan ein vere konsekvent for ord enkeltvis eller for grupper av ord i ulike kategoriar.

Krav om konsekvens

Enkeltord – valfrie skrivemåtar

  • Ord som har to skrivemåtar: Hald deg konsekvent til ein av dei innanfor ei og same tekst: me eller vi, da eller , skole eller skule, fyrst eller først, løn eller lønn, vett eller vit, byggje eller bygge.
  • Samansette ord og avleiingar: Hald deg til den skrivemåten du har valt for grunnordet. Har du valt skule og først, må du òg skrive skulegang og førstning (ikkje skolegang og fyrstning).

Infinitiv

  • Gjennomfør a-infinitiv (rekna) eller e-infinitiv (rekne) innanfor ei tekst.
  • Eit tredje jamstilt alternativ er no kløyvd infinitiv. Denne infinitivstypen er slik at ein bruker -e i dei fleste verb og -a i ei rad andre verb (t.d. gjera, tala, vera). Kløyvd infinitiv, som i hovudsak er brukt av dei som har det i talemålet sitt, skal brukast i samsvar med rettskrivingsordlistene og Nynorskordboka.

Valfrie bøyingsmønster

  • Ord med fleire bøyingsmåtar: Hald deg konsekvent til ein av dei. Døme med substantiv: stad – stader, stadene eller stadar – stadane; elvelvar, elvane eller elver, elvene.
  • Substantiv med to kjønn: Vel eitt av dei. Døme: ei lov – lova eller ein lov – loven.

Enkel eller dobbel m

  • Ord med suffikset –dom: Hald deg konsekvent til anten enkel eller dobbel m i dei bøygde formene: ungdomen eller ungdommen, ungdomar eller ungdommar. Ein må velje likt for alle ord med dette suffikset.
  • Ord med suffikset -døm(m)e: Hald deg til anten enkel eller dobbel m: herredøme eller herredømme.

Hankjønnsord på -nad og -a

Ved hankjønnsord som endar på -nad og -a, som søknad og sofa, skal ein gjennomføre éin type endingar i fleirtal i kvar av desse to gruppene, anten -er, -ene eller -ar, -ane.

Verb som har både a-bøying og e-bøying

For verb som valfritt har a-bøying og e-bøying, skal ein gjennomføre anten a-bøying eller e-bøying for kvart verb:

svare – svarar – svara – svara
svare – svarer – svarte – svart

Eit tredje valfritt alternativ er å gjennomføre blanda bøying, som er slik:

svare – svarar – svarte – svart (men ikkje t.d. svare – svarer – svara – svara).

Råd om konsekvens

  • Enkel eller dobbel konsonant
    Du bør gjere det same valet i ord med same konsonant, særleg i rimord som brot(t) og skot(t), bøn(n) og løn(n).
  • Ord med valfri j
    Du må vere konsekvent for kvart ord, og ein bør mest mogleg gjennomføre anten j-former eller former utan j, altså i hovudsak behandle liknande ord likt, t.d. tenk(j)e, bygg(j)e, enk(j)e.
  • Verb med -d eller -t i supinum (etter har)
    Du bør halde deg til ei av endingane, t.d. har bygd, har levd eller har bygt, har levt.

Samsvarsbøying av perfektum partisipp – noko obligatorisk, noko valfritt

  • Partisipp av sterke verb: Det er obligatorisk med samsvarsbøying: ein lesen roman – romanen er lesen
    eit lese brev – brevet er lese
    lesne dokument – dokumenta er lesne
  • Partisipp av svake verb: Det er obligatorisk med samsvarsbøying i attributiv stilling (rett framfor eit substantiv). I predikativ stilling, dvs. etter hjelpeverba vere, verte og bli, kan partisippet valfritt vere samsvarsbøygd eller stå ubøygd, dvs. som supinum (etter har).

Døme 1 for svake verb: å låne; supinum: lånt

Obligatorisk bøying i attributiv stilling:

  • ei lånt bok – lånte bøker
Predikativ stilling: valfritt bøygd partisippPredikativ stilling: valfritt ubøygd partisipp

han/ho/det er lånt – dei er lånte

han/ho/det/dei er lånt

Døme 2 for svake verb: å løyne; supinum: løynt

Obligatorisk bøying i attributiv stilling:

  • ei løynd pakke – eit løynt resultat – løynde pakker
Predikativ stilling: valfritt bøygd partisippPredikativ stilling: valfritt ubøygd partisipp

han/ho er løynd – det er løynt – dei er løynde

han/ho/det/dei er løynt

For partisipp av svake verb bør du anten halde deg til bøying både i attributiv og predikativ stilling, som i venstre kolonne over, eller la partisippet alltid vere ubøygd i predikativ stilling, som i høgre kolonne over.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter