Råd og tips for leiarar

Leiarar har ei avgjerande rolle i klarspråksarbeidet, mellom anna fordi dei kan leggje til rette for og bidra til å byggje ein klarspråkskultur. Her er nokre gode råd til leiarar som skal drive klarspråksarbeid.

Bokmål

Set klare mål

Klart definerte mål gjer det lettare for alle å forstå kva klarspråksarbeidet handlar om. Snakk med medarbeidarane om kva de ønskjer å oppnå med klarspråksarbeidet. Når du som leiar viser at klarspråk er viktig, inspirerer det til felles innsats.

Få alle med på laget

Det er medarbeidarane som skaper resultata. Involver så mange som mogleg frå starten av, og diskuter korleis de arbeider med den skriftlege kommunikasjonen hos dykk. Har de eit felles språk? Kva kan bli betre, og kva må gjerast for å få det til? Set av nok tid til å drøfte dette. Det skaper engasjement, læring og vilje til endring.

Legg ein plan for endring

Ta utgangspunkt i korleis de skriv i dag. Kva må til for å bli betre? Kanskje treng medarbeidarane meir kompetanse i klarspråk, kanskje bør dei endre skrivevanar eller arbeide og samarbeide på nye måtar? Få oversyn over kva de vil endre, og legg ein plan for å nå målet.

Legg til rette og følg opp arbeidet

Det er i det daglege arbeidet at nye ferdigheiter kan praktiserast og ein ny skrivekultur kan etablerast. Gir du medarbeidarane dine tid til å arbeide med språket? Får dei nok tid til å samarbeide og gjere kvarandre gode? Korleis kan du følgje opp og gi tilbakemeldingar? Hugs å gi støtte og ros. Godt arbeid skal påskjønast.

Tenk langsiktig og hald trykket oppe

Ingen blir ein god skribent over natta. Klarspråksarbeid er fornyings- og endringsarbeid og krev ofte målretta innsats over tid. Med ein kan godt starte i det små. Stegvis endring kan gi stor vinst med tida. Og det er viktig med jamlege påminningar for å halde trykket oppe!

Vis fram resultata

Gode resultat motiverer til vidare innsats. Korleis kjem resultata til syne hos dykk? Kva resultat kan dokumenterast? Er det andre resultat som er mindre målbare, men like viktige? Bryt gjerne måla dykkar ned i konkrete delmål, og finn ut korleis resultata kan dokumentarast og følgjast opp.

Set klarspråksarbeidet i eit større perspektiv

Hugs at de kan oppnå meir enn akkurat dei måla de har sett dykk. Arbeidet med klarspråk gir ofte fleire positive ringverknader og resultat, som betre samarbeid internt og utvikling av gode tenester for innbyggjarane.

Last ned råda i plakatform (pdf) her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter