Ha realistiske ambisjonar

Same kva omfang prosjektet skal ha, er det viktig at det er samsvar mellom måla for prosjektet og dei ressursane ein har til rådvelde. Det er betre å starte i det små enn å satse for stort for så å feile på grunn av manglande ressursar.

[Teksten på bokmål]

Somme startar språkprosjektet med å kartleggje og analysere dei språklege utfordringane dei har, for å finne ut kvar dei har mest å hente på å starte. Andre går rett på sak og opprettar pilotprosjekt på område der dei veit at skoen trykkjer. For å kome raskt i gang kan du gripe fatt i dei breva som blir sende ut til flest, dei skjemaa som oftast blir fylde ut feil, dei mest besøkte nettsidene eller dei områda verksemda får flest spørsmål om på telefon og på e-post. Ved å gjennomføre pilotprosjekt på avgrensa område får du verdifull erfaring før du eventuelt startar på eit større prosjekt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter