2 Lag ein prosjektplan

Ein prosjektplan gjev arbeidet mandat og retning, og dette er viktig for å sikre eit godt resultat. Planen gjer ansvarsfordelinga tydeleg og lett å arbeide etter, både i prosjektet og linja.

[Teksten på bokmål]

Prosjektplanen bør innehalde

  • situasjonsanalyse og målskildring
  • skildring av aktivitetane
  • skildring av rolle- og ansvarsfordelinga
  • skildring av korleis prosjektet er organisert
  • framdriftsplan med viktige milestolpar
  • skildring av ressursbehova
  • skildring av korleis prosjektet skal evaluerast

Attåt prosjektplanen bør du frå starten av lage ein informasjonsplan for å skissere kva formidlingstiltak prosjektet skal gjennomføre. Slike formidlingstiltak kan vere lunsjseminar om språk, nyhende på intranettet og Internett og presentasjon av resultat og undervegsevalueringar. Det å formidle resultat undervegs handlar både om å minne medarbeidarane om språkprosjektet og om å skape entusiasme for prosjektet gjennom å gjere suksesshistoriene til felleseige i organisasjonen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter