8 Gjer suksesshistorier til felleseige

Ikkje spar karamellane til sluttrapporten.

[Teksten på bokmål]

Ros arbeidet og dei involverte, og skryt av resultata de oppnår. Dersom nettstatistikkane viser at besøkstala aukar på ei nettside som de har endra, eller om nokon får ros frå ein mottakar, kan du gjerne vidareformidle det til heile verksemda undervegs i prosjektet. Framsteg gjev motivasjon i det vidare arbeidet og kan hjelpe kollegaer til å få auga opp for kor viktig det er å arbeide med språket. Vis fram før- og etterdøme når de har gjort forbetringar, sprei dei gode attendemeldingane og gjer kvar siger til allemannseige.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter