10 Evaluer og dokumenter resultat

Ved å evaluere prosjektet får du verdifull kunnskap om i kva grad dei oppsette måla er nådde, og korleis du kan gjere det betre neste gong. Dessutan skaffar du deg røynsler som kan overførast til andre typar prosjekt.

[Teksten på bokmål]

Alle som ynskjer å setje i gang eit klarspråksprosjekt, bør tidleg tenkje igjennom kva effektar dei ynskjer at prosjektet skal få, og korleis dei skal evaluere resultata.

Det å kunne påvise konkrete resultat, til dømes innsparingar etter at eit klarspråksprosjekt er gjennomført, gjev tunge argument for å halde fram med språkforbetringsarbeidet. For å kunne dokumentere resultat må ein i utgangspunktet ha dokumentert og analysert førsituasjonen godt.

Her er nokre tips om kva ein kan undersøkje for å måle resultat:

  • førespurnader og attendemeldingar til kunde- eller servicesenteret
  • sakshandsamingstida som knyter seg til enkelte brev og skjema
  • responsen på brev som krev at mottakar svarar, feilutfyllingar av skjema osb.
  • klagestatistikken
  • nettstatistikkane, tal besøk, kor lang tid lesarane bruker på ei nettside, og fråfallsprosenten
  • brukarundersøkingar m.a. med kor nøgde dei er
  • fokusgruppetestar av tekstar før og etter prosjektet
  • medarbeidarundersøkingar
  • kartleggingar av språkbruken før og etter prosjektet, gjerne utført av eksterne konsulentar

For at det skal vere mogleg å evaluere prosjektet eller resultatet, bør du formulere måla på førehand slik at du har noko å vurdere resultata mot. Måla bør vere skildra i prosjektplanen og vere konkrete og realistiske. Derfor er det viktig å planleggje evalueringa alt frå byrjinga.

Effektkjeden

Modellen ovanfor – effektkjeda – viser samanhengen mellom innsatsfaktorar, aktivitetar, produkt og tenester og effektar i eit klarspråksprosjekt. Det er mogleg å setje opp mål for ulike delar av kjeda og evaluere resultata separat. Nokre gonger kan det vere lærerikt å evaluere innsatsfaktorane ved å rette søkjelyset mot planlegginga, organiseringa og sjølve gjennomføringa av prosjektet. Andre gonger er det meir interessant å finne ut kva effektar prosjektet har hatt for samfunnet og brukarane. Er fleire vortne meir nøgde med språket i brev og skjema? Får verksemda færre feilutfylde skjema? Ei generell utfordring er at til lenger ut i effektkjeda ein måler, til vanskelegare blir det å finne effektar som klart og eintydig kan identifiserast som eit resultat av prosjektet. Reglementet for økonomistyring i staten krev at alle verksemder skal gjennomføre evalueringar for å få informasjon om effektivitet, måloppnåing og resultat innanfor heile eller delar av ansvars- og aktivitetsområdet for verksemda. Du kan lese meir om evaluering på nettstaden til Senter for statleg økonomistyring, www.sfso.no, og nettstaden til Direktoratet for forvaltning og IKT, www.difi.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter