Nettstaden www.klarspråk.no

Denne nettstaden er eitt av tiltaka til samarbeidet «Klart språk i staten», som starta som eit prosjekt i 2008 av dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD).

Prosjektet var eit samarbeid mellom FAD, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Det sentrale klarspråksarbeidet i staten held fram, med Difi og Språkrådet som sentrale aktørar.

Bakgrunn

I tildelingsbrevet for 2008 fekk Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag av det dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) å «arbeide med enklare språk og meir tilgjengeleg innhald i offentlege publikasjonar og brev retta mot innbyggjarar (bl.a. saman med Språkrådet)».

Det vart etablert ei prosjektgruppe med representantar frå FAD, Difi og Språkrådet.

Målet med prosjektet var å «øke oppmerksomheten om klarspråk i statsforvaltningen og legge forholdene til rette for at statlige virksomheter skal kunne forbedre språket i sin skriftlige kommunikasjon med innbyggerne». Prosjektgruppa utvikla desse tiltaka:

  • www.klarsprak.no: ei språkverktøykasse for tilsette i statsforvaltninga. Sida inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir brukarvennleg, klart og forståeleg. I tillegg får brukarane informasjon om korleis ein kan gjennomføre språkprosjekt i statlege verksemder.
  • Kurs: kursa Klarspråk for sakshandsamarar (Difi-kurs), Klarspråk for leiarar (Difi-kurs) og Nynorsk i arbeidet (Difi-kurs). Kursa til Språkrådet. 
  • Prosjektstøtteordning: midlar til språkforbetringsprosjekt i statlege verksemder. I tillegg til økonomisk støtte har verksemdene fått tilbod om praktisk støtte i form av fagleg rådgjeving.
  • Statens klarspråkspris: ein årleg pris til ei statleg verksemd som har gjort mykje for å forbetre språket i skriftleg informasjon. Prisen skal spore til vidare innsats for klart språk.
  • Undersøkingar og dokumentasjon: Prosjektet har samla resultat frå relevante undersøkingar og forsking i tillegg til annan dokumentasjon om språket i statsforvaltninga.
  • Erfaringar frå språkforbetringsprosjekt: artiklar om språkforbetringsprosjekt under Lær av andre på www.klarspråk.no. Nokre av artiklane handlar om prosjekt som har fått støtte under støtteordninga, andre ikkje.
  • Delprosjekt om språket i lover og forskrifter: Under prosjektet vart det i 2011 etablert eit eige delprosjekt som arbeider med språk i lover og forskrifter. Delprosjektet har ei arbeidsgruppe der Justisdepartementet (forskriftsenheten i lovavdelingen), Fornyings-, og administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD), Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet deltek.

Prosjektgruppa etablerte òg ei ressursgruppe som gav råd og innspel i ulike fasar av prosjektet.

Klarspråkssamarbeidet mellom Difi og Språkrådet held fram. Oppdatert informasjon om tiltak og arrangement finn du her på nettstaden.

Oppdatert 23.3.2015.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter