Temaprisen 2016: klar formidling av eit negativt budskap – ein balansekunst

No image

Temaprisen for 2016 gjekk til Lånekassen for e-posten om regelendringar for grunnstipend.

Grunngjevinga til juryen

«Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler i år ut ein pris til eit statsorgan eller ein kommune som har jobba spesielt med tekst som formidlar ein negativ bodskap i klart, godt og brukarvennleg språk. 

Forholdet mellom myndigheitsutøving og eit klart og mottakarvennleg språk kan vere ein vanskelig balansegang i både stat og kommune. Dei som skriv, skal møte mottakarane med respekt, men samstundes skal dei ikkje underkommunisere at de forvaltar regelverk og utfører samfunnsoppdraget sitt. Dette kan vere særs vanskeleg når dei må informere om noko som er negativt for mottakaren. Bodskapen må vere tydeleg formulert, og grunngjevinga må kome godt fram, slik at mottakaren forstår kvifor vedtaket er gjort, og kva konsekvensar det får.

Med årets temapris ønskjer vi å vise at ein kan drive god saksbehandling og yte god service også når bodskapen ein formidlar, kanskje ikkje er det mottakaren har håpa på.

Juryen har vurdert tekstar frå tre kandidatar. Alle er svært gode og fortener heiderleg omtale. Kandidatane er Lånekassen, Statens innkrevjingssentral og Stavanger kommune.

Vinnarteksten er vel gjennomtenkt og klart formulert med solid grunngjeving. Teksten er i bruk og fungerer godt i fleire kanalar. Vinnaren har dessutan brukartesta teksten på utvalde personar og intervjua personar i målgruppa på mønstergyldig vis. Slik kan det dokumentast at arbeidet har lykkast: Vinnaren har fått færre spørsmål og førespurnader. 

Temaprisen 2016 går til Lånekassen for e-posten om regelendringar for grunnstipend.»

Tidlegare vinnarar av temaprisen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter