Prisvinnar for 2016

Stavanger kommune vann Klarspråksprisen for kommunane 2016.

For første gong har Kommunal- og moderniseringsdepartementet delt ut ein eigen klarspråkspris for kommunane. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har lagt ekstra vinn på å eit klart, godt og brukarvennleg språk i tekstar til publikum.

Frå grunngjevinga til juryen:

«Å velje ein vinnar i denne kategorien har ikkje vore noka enkel oppgåve. Juryen vil trekkje fram tre spesielt gode kandidatar, som alle var vel kvalifiserte. Dei tre er Hå kommune, Stavanger kommune og plan- og bygningsetaten i Oslo kommune.

Vinnaren har levert ein imponerande søknad som viser at klarspråkssatsinga i kommunen er lagd systematisk opp. Arbeidet med klarspråk er gjort kjend gjennom alle kanalar, og det er godt forankra i leinga. Vinnarkommunen har lagt stor vekt på overgangen frå prosjekt til drift, mellom anna til drift i avdelingane. Kommunen dokumenterer òg at han har satsa på å heve kompetansen til dei tilsette. Dei kan vise til framifrå resultat Dessutan har dei eit godt samarbeid og ei god tone seg imellom.

Fjorårets trekkhund, Kristin Høie Walstad, har vore ei sentral drivkraft i dette omfattande arbeidet, noko som viser kor stor rolle enkeltpersonar spelar i arbeidet med klarspråk. 

Den aller første klarspråksprisen for kommunane går til Stavanger kommune.»

Sjå nyhendemelding om prisutdelinga her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter