Kvifor klarspråk?

No image

1 Klarspråk fremmar demokratiet og rettstryggleiken

Styresmaktene gjev informasjon om mellom anna rettar og plikter. Derfor bør forvaltningsspråket vere klart og lettfatteleg. Tungt og uklart språk i tekstar frå det offentlege kan gjere at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei.

2 Klarspråk skaper tillit

Tungt og uklart språk kan skape avstand mellom sendaren og mottakaren. Ein mottakar som får eit uforståeleg brev, kan lett komme til å tru at avsendaren skjuler noko. Klarspråk gjer avstanden mindre og skaper tillit til avsendaren.

3 Med klarspråk sparer styresmaktene tid og pengar

Klart og brukartilpassa språk minskar faren for mistyding. Færre spørsmål frå mottakarane gjev kortare sakshandsamingstid. Styresmaktene sparer med andre ord tid og pengar dersom dei skriv klart og forståeleg.

4 Klarspråk fremmar kommunikasjonen

Tungt og uklart språk skaper ugreie i kommunikasjonen. Klarspråk gjer at mottakaren lettare oppfattar bodskapen frå avsendaren.  

5 Det offentlege skal vere eit føredøme

Styremaktene skal gå føre med eit godt eksempel, også språkleg. Skrivefeil skjemmer teksten og gjev eit dårleg inntrykk av den som har skrive han. Oppstylta og uklart språk kan få folk til å tru at skribenten har noko å skjule. Klarspråk bør derfor vere eit ideal for språkbruk i det offentlege.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter