Goddag mann kostnadsskaft

(14.9.2010) Ei ny jordskiftelov er i gjerde. Denne tåkedotten er send inn av ein ovandotten lesar som lurer på om han eller lova er på jordet.

«Skal kostnadene bli fordelt etter nytte, og kostnader berre gjeld nokre eigedommar eller partar, kan kostnaden fullt ut bli lagt på dei.»

Kommentar frå redaksjonen

Når fyrst kostnadene ballar på seg, kjem snart både kostnader og kostnaden attåt. Dette er no vanleg i (j)ordskifte.

Til dykk der ute: Send oss gjerne fleire tåkedottar på nynorsk. For det er vel både bokmålsfolk og nynorskfolk i skoddeheimen? 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter