Undersøkingar

Her finn du informasjon om relevante undersøkingar om juridisk språk. Tips oss gjerne dersom du kjenner til fleire.

Avhandlingar

Avhandling om klarspråk, omsetjing og EU-tekstar (Uppsala universitet 2014)

I avhandlinga Begriplig EU-svenska? Klarspråksarbetets förutsättningar inom den interinstitutionella översättningsprocessen har språkvitaren Saga Bendegard undersøkt kvifor EU-tekstar blir oppfatta som tyngre enn tilsvarande svenske tekstar. Resultata syner at det trengst ny forsking og tolking av kva som gjer ein tekst forståeleg for ulike menneske i ulike situasjonar.

Les omtale av avhandlinga 
Last ned avhandlinga (pdf) 

Avhandling om juridisk språk (Uppsala universitet 2010)

Mange har problem med å forstå juridiske tekstar. Språkbruken til juristane kan oppfattast som vanskelegare tilgjengeleg enn det som er naudsynt. I avhandlinga Juridiska – ett nytt språk? En studie av juridikstudenters språkliga inskolning undersøkjer språkvitaren Ann Blückert kva for språknormer som vert formidla til jusstudentane under utdanninga. 

Les omtalen av avhandlinga  
Last ned avhandlinga (pdf) 

Undersøkingar 

Undersøking av korleis fire lover fungerer i praksis (Oxford Research for Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2015)

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjeve Oxford Research i oppdrag å kartleggje språket og strukturen i fire gjeldande lover. Oppdraget gjekk òg ut på å kartleggje korleis folk forstår dei fire lovene, og korleis dei fungerer i praksis. Når dei fire lovene er ferdig reviderte, og dei reviderte versjonane har vore i kraft ei stund, skal dei kartleggjast igjen. Formålet er å finne ut om dei reviderte lovtekstane er enklare å forstå og bruke enn dei gamle.

Last ned rapporten her (pdf)

Les om arbeidet med å revidere dei fire lovene her

Undersøking om språk i lover og forskrifter (Synovate for Difi 2011)

I desember 2011 gjennomførte Synovate ei spørjeundersøking på oppdrag frå delprosjektet. Føremålet var å kartleggja korleis befolkninga ser på lover og forskrifter. Resultata frå undersøkinga finn du her.

Undersøking om bruk av lover og forskrifter i saksbehandlinga (Difi 2012)

Språket i lover og forskrifter er ikkje klart nok. Det er konklusjonen i rapporten «Kan lovspråk temmes», som vart lagd fram 29.1.2013. Rapporten gjeld ei undersøking som er gjennomført av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). I rapporten kjem Difi med framlegg om fleire tiltak, mellom anna nye rutinar for å sikre betre språk i regelverk.

Målet med undersøkinga var å finne ut kva som hindrar klart språk i lover og forskrifter, og korleis saksbehandlarar brukar lov- og forskriftstekstar i saksbehandlinga. Undersøkinga er avgrensa til dei tre forvaltningssektorane arbeid, pensjon og bustad/bygg, og ho vart gjennomført i utvalde departement og direktorat, og dessutan blant saksbehandlarar i regionar eller distriktskontor som brukar regelverket.

Last ned heile rapporten frå undersøkinga (pdf)

Amerikansk undersøking om språk i rettsdokument (2010)

Denne undersøkinga var retta mot 800 amerikanske dommarar, som fekk presentert ulike versjonar av eit rettsdokument i ei sivilsak. Formålet med undersøkinga var å finne ut kva for versjon av teksten dommarane meinte var mest overtydande: den tradisjonelle, den klarspråklege eller den uformelle.

Last ned heile rapporten frå undersøkinga (pdf)

Britisk undersøking: What Works Best for the Reader? (2014)

This article describes a study carried out in 2012 into how legislation is drafted and presented. The Office of the Parliamentary Counsel and The National Archives carried out this study to

  • understand more about what it was like to be a reader of legislation
  • assess whether some drafting techniques were more helpful for readers than others

This article by Alison Bertlin was first published in the May 2014 issue of The Loophole, a publication by the Commonwealth Association of Legislative Counsel.

Les omtale av undersøkinga  
Last ned heile undersøkinga (pdf)  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter