Målform i lover og forskrifter

Dei fleste lovene og forskriftene våre er på bokmål. Det trengst fleire på nynorsk. Kva må til for at vi skal få til det? Her er ei kort hugseliste til dei som skriv lover og forskrifter.

  • Vurder alltid om det er praktisk mogleg å skrive ei lov eller forskrift på nynorsk.
  • Hugs at målforma i forskriftene som hovudregel bør følgje målforma i heimelslova. Det er ekstra viktig at lover på nynorsk får forskrifter på nynorsk.
  • Nye versjonar av nynorske lov- og forskriftstekstar bør skrivast på nynorsk. Praktisk bonus: Det er lettare å halde ei lov på nynorsk i hevd enn å pløye ny mark.
  • Vel målform tidleg!
  • Skal du skrive på nynorsk frå starten av, bruk hjelpemiddel og søk råd i god tid. Du kan spørje Språkrådet eller eksterne språkkonsulentar.
  • Skal du omsetje ei lov eller forskrift til nynorsk, ta kontakt med Språkrådet.

Det vert sagt at juristar som skriv nynorsk, er nøydde til å leggje om stilen, og då blir språket meir folkeleg, utan at det faglege innhaldet tek skade av det.

Det trengst fleire og betre lover og forskrifter på nynorsk

I lover og forskrifter er det overvekt av bokmål. Ei oppteljing gjord av Kulturdepartementet (2012) viser at vel 15 prosent av alle gjeldande lover er på nynorsk. I tekstmengd utgjer nynorsklovene i underkant av 10 prosent. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining står det at det er eit mål at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengd skal vere på nynorsk.

Lovverket er eit viktig domene for nynorsken. Fleire nye lover og forskrifter bør skrivast på nynorsk, og det er viktig å ta vare på dei nynorske lovene og forskriftene vi har. Dersom ei lov eller forskrift på nynorsk skal bytast ut, bør den nye lova eller forskrifta òg vere på nynorsk, ikkje bokmål.

Det er òg viktig å kvalitetssikre lov- og forskriftstekstar på nynorsk, sidan lovspråk forplantar seg så kraftig i alle slags statlege dokument. Fordi nynorsk administrativ tekst til saman har mindre omfang og færre kjelder enn bokmålstekstane, er han meir utsett for kvalitetsforringing i den viktige kjelda som lover og forskrifter utgjer.

Kulturdepartementet om nynorsklover

I eit brev til alle departement (16.4.2012) skriv Kulturdepartementet at det er behov for å sjå nærmare på kva som kan gjerast for å få til ei jamnare fordeling mellom målformene i lovverket, og at dette bør skje i samband med planlegging og førebuing av mye lover.

Vidare skriv departementet at arbeidet med nye nynorske lovtekstar skjer som ein del av arbeidet med å betra den språklege kvaliteten i lovverket, m.a. slik at lovtekstane blir lettare tilgjengelege for brukarane.

Kulturdepartementet bed dei andre departementa om å gjennomgå pågåande og planlagt lovarbeid og vurdere om nye lover kan skrivast på nynorsk.

Les heile brevet frå Kulturdepartementet (pdf).

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter