Slik bruker du faguttrykk i tekst

Når du formidlar fagstoff til andre enn spesialistar, bør du tenkje over korleis du brukar faguttrykk. Her er fire strategiar du kan bruke.

1 Bruk dublettar

Nokre faguttrykk har ein folkeleg eller sjølvforklarande «tvilling» som du kan bruke i staden. Denne «tvillingen» kan ein kalle ein dublett. Her er nokre døme:

Bruk i staden for
arveleg/arvelig hereditær
betennelse inflammasjon
brot/brudd fraktur
godarta/godartet benign
halsbetennelse tonsillitt
lindrande/lindrende palliativ
medfødt kongenital

Du kan også leggje til faguttrykket i parentes etter dubletten: halsbetennelse (tonsillitt).

2 Sett inn definisjon eller forklaring i teksten

Du kan bake inn ein definisjon eller ei forklaring i teksten der du nyttar faguttrykket, t.d.:

Før operasjonen fører vi et såkalt PVK (perifert venekateter) gjennom huden din og inn i en blodåre. Et PVK er en plastslange som gjør at du kan få medisiner og væske rett i blodåren.

Grenseverdien (minimumskravet til lokal luftkvalitet) er et årsgjennomsnitt på 40 mikrogram per kubikkmeter.

3 Vis til ei fagordliste

Om verksemda har utvikla eigne fagordlister på nettet eller i tekstdokumentet, kan du vise til forklaringane der.

Døme på fagordlister:

Når du lagar fagordlister, er det to viktige ting du må hugse på.

a) Pass på at du lagar verkelege definisjonar av faguttrykka, ikkje berre viser døme på korleis dei vert brukte, slik det er gjort her:

ECMO-behandling
Behandlingen foregår ved hjelp av en modifisert hjerte-lungemaskin som via plastslanger kobles til store blodårer i kroppen. Maskinen kan brukes til å avlaste et sviktende hjerte og/eller lunger både hos voksne og barn. ECMO kan for eksempel brukes ved alvorlig hjertesvikt der pasienten fortsatt er ustabil, til tross for medikamentell behandling, pacemaker eller lignende.

b) Ikkje forklar eitt faguttrykk ved hjelp av andre faguttrykk slik det er gjort i desse døma:

Agnosi: Svikt i persepsjonen som innebærer evnen til å gjenkjenne stimuli

Spastitet: Økt muskeltonus

Det er viktig at fagordlister vert utforma på ein systematisk måte. Her finn du praktiske råd om å lage gode fagordlister.

Vi rår deg òg til å lese innføringsheftet Termlosen eller ta kontakt med Språkrådet for å få hjelp.

4 Bruk tekstboks i elektroniske tekstar («mouseover»)

Forklaringane frå ei fagordliste kan leggjast inn i tekstboksar og byggjast inn i elektroniske tekstar. Faguttrykk kan markerast t.d. ved understreking, slik at brukaren kan klikke på ordet for å få det forklart i ein tekstboks.

Døme frå nettsidene til Datatilsynet:

Skjermdump frå Datatilsynet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter