Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Retningsliner for nettspråket i Direktoratet for naturforvaltning

Klart, godt og brukarvennleg språk skal kjenneteikne nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning (DN). Direktoratet er eitt av fleire statsorgan som har fått økonomisk støtte frå prosjektet «Klart språk i staten» for å betre språket i kommunikasjonen med publikum.

Hos DN har dei satsa på språket på nettsidene først og utvikla ein eigen språkprofil for www.dirnat.no.

  

Klarspråklege prinsipp
Dei overordna prinsippa i språkprofilen er å tenkje gjennom desse punkta før ein går i gang med å skrive: 

  • Kven er målgruppa og kva er teksten si oppgåve?
  • Skriv for dei som kan minst om saka.
  • Ta utgangspunkt i kven saka er viktig for.
  • Vurder om Internett er riktig kanal.

Dei konkrete råda i profilen er heilt i tråd med prinsippa for klarspråk, og handlar mellom anna om å

  • unngå passiv
  • bruke verb framfor substantiv
  • bruke du, de og vi
  •  strukturere teksten med gode titlar, mellomtitlar, avsnitt  og meiningsberande lenkjer

Dokument
Språklege retningsliner for Direktoratet for naturforvaltning
Sjekkliste for skriving for Direktoratet for naturforvaltning

 

Utviklet av Gazette