Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Direktoratet for naturforvaltning

Betre nettspråk
Klart, godt og brukarvennleg språk skal kjenneteikne nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning (DN) i framtida. Direktoratet er eitt av fleire statsorgan som har fått økonomisk støtte frå prosjektet «Klart språk i staten» for å betre språket i kommunikasjonen med publikum. Hos DN har dei satsa på språket på nettsidene først og utvikla ein eigen språkprofil for www.dirnat.no.

Direktoratet for naturforvaltning

Dårlegast i klassen
– Ein av grunnane til at vi ønskte å utvikle ein språkprofil for nettstaden, var at vi fekk 0 av 3 moglege poeng på lesarvennlegheit i Difi si kvalitetsvurdering av offentlege nettstader i 2008, fortel nettredaktør i DN, Guri Sandvik. – I tillegg visste vi at mangla rutinar for språkleg kvalitetssikring av innhaldet på nett, og dette ønskte vi å gjere noko med.

Direktoratet skulle også lansere ny nettstad og ny grafisk profil, og nytta høvet til å også ta tak i språkarbeidet på den store og komplekse nettstaden. Og ambisjonane er det ikkje noko å seie på.

– Vi har fått utvikla ein språkprofil som seier noko om korleis språket på nettstaden vår skal vere, både gjennom overordna retningslinjer og konkrete skriveråd. Målet er å bruke klare og tydelege setningar som lesaren ikkje kan misforstå, og at lesaren ikkje skal bruke meir tid enn nødvendig på å få med seg innhaldet, seier Sandvik.

– Samstundes er det viktig for oss å nytte eit profesjonelt språk som høver for eit direktorat, og som fortel tydeleg om rolla vår og oppgåvene våre.

Klarspråklege prinsipp
Dei overordna prinsippa i språkprofilen er å tenkje gjennom desse punkta før ein går i gang med å skrive:

  • Kven er målgruppa og kva er teksten si oppgåve?
  • Skriv for dei som kan minst om saka.
  • Ta utgangspunkt i kven saka er viktig for.
  • Vurder om Internett er riktig kanal.

Dei konkrete råda i profilen er heilt i tråd med prinsippa for klarspråk, og handlar mellom anna om å

  • unngå passiv
  • bruke verb framfor substantiv
  • bruke du, de og vi
  • strukturere teksten med gode titlar, mellomtitlar, avsnitt  og meiningsberande lenkjer

No står det berre att ein jobb med å få alle dei som skal skrive for nett, til å ta den nye profilen i bruk.

– Den er først og fremst eit verktøy for nettredaksjonen og dei som publiserer, men no har vi fått signal om at leiinga er interessert i å vidareføre språkarbeidet og utvikle ein språkprofil for alle kommunikasjonsflater i direktoratet, avsluttar ein nøgd nettredaktør, Guri Sandvik.

Dokument
Språklege retningsliner for Direktoratet for naturforvaltning
Sjekkliste for skriving for Direktoratet for naturforvaltning

Utviklet av Gazette