Det er enkelt å leggje inn eit ikon eller bilete som representerer deg (ein avatar) til kommentaren du skriv. I det publiseringssystemet vi bruker, er det lettast å bruke ei teneste som heiter Gravatar. Gå til nettsida www.gravatar.com, klikk på lenkja «Sign up now» og følg instruksane vidare. Informasjonen finst dessverre berre på engelsk.
Ordet gravatar er ei forkorting for «globally recognized avatar», altså ein avatar du kan kjenne igjen over heile verda. Ordet avatar kjem frå sanskrit og er ein omtale av den skapninga ein gud tek når han eller ho skal til menneska.
På NRKbeta kan du lese meir om Gravatarar og korleis du får lagt inn ulike bilete til e-postadresser.
Tilbake til bloggen I klartekst