I tildelingsbrevet for 2008 fekk Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i oppdrag av det daværende Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) å «arbeide med enklare språk og meir tilgjengeleg innhald i offentlege publikasjonar og brev retta mot innbyggjarar (bl.a. saman med Språkrådet)».
Det vart etablert ei prosjektgruppe med representantar frå FAD, Difi og Språkrådet.
Medarbeidarane i prosjektgruppa har samarbeidd om å utvikle tiltaka i dette prosjektet. I prosjektplanen står det at målet med prosjektet skal vere å «øke oppmerksomheten om klarspråk i statsforvaltningen og legge forholdene til rette for at statlige virksomheter skal kunne forbedre språket i sin skriftlige kommunikasjon med innbyggerne». Du finn ein omtale av tiltaka her.
I dag har prosjektgruppa representantar frå Difi og Språkrådet. Språkrådet har det språkfaglege ansvaret, medan Difi har ansvar for administrasjon, kommunikasjon og leiing. FAD er prosjektansvarleg. Prosjektet skal vare fram til 2011. Etter dette overtek Språkrådet ansvaret for å vidareføre dei fleste av tiltaka.
Prosjektgruppa har også etablert ei ressursgruppe som gjev råd og innspel i ulike fasar av prosjektet.
Oslo, januar 2010
Prosjektgruppa