30 verksemder søkte om midlar, og dei fleste har fått innvilga heile eller delar av søknaden. –Vi har fått inn fleire søknader enn i fjor, og verksemdene søkjer om pengar til mange viktige språkprosjekt. Det er mykje godt språkarbeid rundt omkring i statlege verksemder, seier prosjektleiar Sissel C. Motzfeldt. –Vi merkar at mange verksemder no har byrja å forstå kor viktig dette arbeidet eigentleg er, både for å effektivisere saksbehandlinga og ikkje minst for å betre tenestene til innbyggjarane, legg ho til. Motzfeldt trekkjer fram teiknspråk i Statens pensjonskasse og felles språkprofil for opplæringssektoren som to av mange gode prosjekt i årets tildelingsrunde.
Teiknspråk banar veg for klarspråk hos Statens pensjonskasse
Statens pensjonskasse forvaltar rettar som er svært viktige for innbyggjarane, og har ei samansett brukargruppe. Pensjonsreforma er eit vanskeleg område som stiller store krav til formidling gjennom eit klart og godt språk. Statens pensjonskasse har i fleire år arbeidd systematisk med å betre språket i brev, skjema og på nettsider, og i 2009 fekk verksemda 240 000 kroner i støtte frå prosjektet «Klart språk i staten». I år får Statens pensjonskasse 50 000 kroner og eitt klarspråkkurs i støtte frå klarspråkprosjektet, og verksemda har sjølv sett av over 2 millionar kroner til arbeidet i 2010. Eit av tiltaka som skal gjennomførast, er å omsetje informasjon om pensjonsreforma til teiknspråk. Slik legg Statens pensjonskasse til rette for at alle grupper i samfunnet får informasjon om reforma, samtidig som arbeidet bidrar til at alle tekstane om pensjonsreforma blir lettleste og klare.
Samarbeid i utdanningssektoren
Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har fått 150 000 kroner for å utarbeide ein felles språkprofil for opplæringssektoren. Begge verksemdene rettar seg mot den same målgruppa, men på ulike nivå, og produserer mykje informasjon på nett. Målet er at den nettbaserte informasjonen som går ut til sektoren skal være aktiv, korrekt, klar og brukartilpassa, og ikkje minst skal den vere standardisert. Ei arbeidsgruppe med representantar frå begge nivåa er etablert. At to forvaltningsnivå samarbeider om språk på denne måten, er nyskapande, og erfaringane frå prosjektet vil ha overføringsverdi for andre sektorar.
Mange verkemiddel for betre språk
I tillegg til økonomisk tilskot til språkarbeid tilbyr også prosjektet «Klart språk i staten»
• klarspråkskurs, nynorskkurs og kurs i leiing av språkprosjekt
• nettsida www.klarspråk.no med informasjon om gjennomføring av eit språkprosjekt, erfaringar frå andre verksemder, språkblogg og quiz
• foredrag og innlegg om prosjektet og klarspråkarbeid for statlege verksemder
• erfaringsdeling med statlege verksemder som ønskjer å starte med klarspråkarbeid
• Statens klarspråkspris