Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Valentinsdag(en)

Kvar kjem valentinsdagen frå? Kva kallar me dagen?

Valentinsdagen, også kalla dagen for alle hjarte / dagen for kjærleik, blir markert 14. februar som ei feiring av kjærleik og romantikk. Dagen har etter kvart vorte feira også her i landet, godt fremja av næringslivet og Posten. Folk gjev gåver, konfekt og sender kjærleiksbrev eller -kort, ofte anonymt. Etter folketrua begynte fuglane å para seg på denne dagen. Den kristne feiringa av dagen kan elles ha røter i romersk feiring av gudinna Juno, som representerte kvinner og ekteskap, og starten på ein fruktbarheitsfest som begynte 15. februar.

I England har valentinsdagen vorte feira sidan 1600-talet. Til grunn for feiringa ligg myten om den heilage Valentin (Valentinus). Valentin vart fengsla etter at den romerske keisaren Claudius trua med fengsel og dødsstraff for dei som ikkje fornekta kristendommen. Valentin ville ikkje det, og han vart difor steina (14. februar etter somme kjelder) i året 273 e.Kr. Før Valentin vart drepen, skal han ha skrive eit brev til ei kvinne han var glad i, Julia, og bede henne halda seg til Gud. Underskrifta var «… frå din Valentin».

Andre kjelder hevdar at dette var ein (tidlegare) festdag for to martyrar med namnet Valentinus. Det blir òg peikt på at feiringa av 14. februar, som bind saman valentinsdagen og kurtise, ikkje har noko med martyren/martyrane å gjera.

Norsk skrivemåte:
valentinsdag, valentinsdagen, eventuelt Sankt Valentins dag.
Samansette ord blir slik: valentinskort, valentinshelsing, valentinsfrimerke osv.

Det er vel ikkje så vanleg i Noreg å koma med ynske for denne dagen, men i så fall kan ein gjera på denne måten:

God valentinsdag!
Gledeleg valentinsdag!
Eg ynskjer deg ein god valentinsdag!

 

9. februar 2009

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette