Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Prekevere

Prekevere bær, sopp, varer osv.

På heimveg frå sopp- eller bærturen kan vi snakke om at vi no må prekevere det vi har plukka. Vi bruker  gjerne dette ordet om å ordne med matvarer slik at dei ikkje blir liggjande og tek skade, og om å få på plass det vi har skaffa.  

Ordet prekevere finn vi i Norsk Ordbok. Norsk Riksmålsordbok har forma prekavere. Det er latin praecavere som ligg til grunn, og det kan bety 'å ta sine forholdsregler, dra omsorg for, ta vare på'.

Prekevere eller prekkevere (vanleg dialektform) er nok eit typisk døme på at opphavleg boklege ord kan bli utbreidde i folkeleg talemål, gjerne i spesialiserte tydingar.


7. september 2009

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette