I helsinga Gratulerer (med dagen)! er det underforstått eit subjekt: (Vi/eg) gratulerer (med dagen)! Når vi skriv det slik med ei setning, er det lett å sjå at verbet gratulere må stå i presens, altså ende på -er. I uttalen fell r-en bort mange stader i landet, men når ein skriv, blir det rette altså Gratulerer!
Ordet er med i den kjende fødselsdagssongen av Margrethe Munthe. Songen begynner slik:
«Hurra for deg som fyller ditt år! Ja, deg vil vi gratulere!»
Første verset sluttar slik:
«… og si meg så hva vil du mere?»
Det er vanleg å halde fram med «Gratulere!», sjølv om det ikkje står i originalteksta. Her står verbet i infinitiv (som om det stod «Jeg vil gratulere!»).
10. august 2009